Hopp til innhold

Foreslår å legge ned AMK-sentralar

I dag er det fire AMK-sentralar i Midt-Noreg. Det bør vere berre to, meiner ei arbeidsgruppe nedsett av helseføretaket.

AMK Molde

Dei tilsette ved AMK-sentralen i Molde har tidlegare frykta for arbeidsplassen sin.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dei tilsette ved AMK-sentralen i Molde har vore rasande over at arbeidsplassen deira kan bli lagt ned. I september føreslo administrerande direktør i Helse Midt-Noreg, Trond Michael Andersen, å legge ned sentralen.

No føreslår eit fleirtal i arbeidsgruppa som skulle vurdere AMK-strukturen, at det berre bør vere to AMK-sentralar i Midt-Noreg. I dag er det fire. Ein i Molde, ein i Ålesund og to i Trøndelagsfylka.

Ålesund har nyleg fått 40 millionar kroner til nye lokale, og difor har tilsette og tillitsvalde i Molde frykta at avgjerda allereie er tatt.

Arbeidsgruppa skriv ingenting om lokalisering. Dei har blant anna tatt utgangspunkt i hendingane 22.juli og meiner at ein reduksjon til to sentralar er naudsynt for å sikre kvalitet og robustheit i naudmeldetenesten. Eit mindretal meiner at effekten av ein reduksjon ikkje er godt nok dokumentert.

Endeleg avgjerd vert tatt i styret for Helse Midt-Noreg i desember.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL