Hopp til innhold

Fortvilar over AMK-handtering

Helse Midt-Noreg får kritkk for måten prosessen med naudnettet og AMK-sentralane er gjennomført på. AMK-sentralen i Ålesund får 40 millionar kroner før det er bestemt kvar ein eventuell felles AMK-sentral i fylket skal ligge.

AMK- sentralen

AMK-sentralen i Ålesund blir utbygd med 40 millionar kroner før ein får ein gjennomgang av kvar ein eventuell felles AMK-sentral i Møre og Romsdal skal ligge.

Foto: Helse Sunnmøre / NRK

Avgjerda om éin eller to AMK-sentralar i fylket kjem etter at det er bestemt å bruke 40 millionar kroner på nye AMK-lokaler i Ålesund for å få på plass det nye naudnettet.

Tilsett-representant Knut Ivar Egset meiner dette er kritikkverdig.

– Eg reagerer på at Helse Midt-Noreg ikkje vel om ein skal ha éin eller to AMK-sentralar før ein set i gang med å bygge i Ålesund.

– Saka er avgjort før den vert vurdert

Direktør Trond Michael Andersen i Helse Midt-Noreg har varsla ein ny gjennomgang av AMK-sentralane i Møre og Romsdal i november. Det kan bety kroken på døra for AMK-sentralen i Molde, som i dag fungerer for Nordmøre og Romsdal.

Knut Ivar Egset

Tilsett-representant i Helse Møre og Romsdal, Knut Ivar Egset (i blått), følgde styremøtet til Helse Møre og Romsdal tysdag, der blant anna AMK-sentralane i fylket vart diskuterte.

John Harry Kvalshaug

Styreleiar i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, er einig i at det er feil å bygge ut AMK-sentralen i Ålesund før ein diskuterer strukturen på AMK-sentralane i fylket.

Foto: Trond Vestre / NRK
Atle Tangen

Atle Tangen i LHL meiner 40 millionar kroner til AMK-sentralen i Ålesund i praksis betyr nedlegging av AMK-sentralen i Molde.

Foto: Omar Sejnæs / NRK
Før ein skal avgjere kor mange AMK-sentralar det vil vere behov for i framtida, skal det brukast 40 millionar kroner på nye lokale i Ålesund.

Her er det noko som skurrar, meiner Egset, for blir konklusjonen at det berre skal vere éin AMK-sentral er det allereie avgjort kvar den sentralen skal ligge.

– Dersom det no vert éin AMK-sentral, så vil den ligge på Sunnmøre. Då er den saka avgjort før den eigentleg vert vurdert, seier ein opprørt Egset.

– Dette er klart i strid med både arbeidsmiljølova, hovudavtalen, og ikkje minst helseføretakslova.

– Feil å bygge ut utan diskusjon

Egset fortel at dei tilsette i Helse Møre og Romsdal reagerer på måten dette vert handtert på frå Helse Midt-Noreg si side.

– Det er klart det er veldig fortvilande at Helse Midt-Noreg køyrer slike prosessar. Vi veit at dei har visst om denne saka i fem år og dei vel heilt bevisst å ikkje ha gode prosessar.

Styreleiaren i Helse Møre og Romsdal, John Harry Kvalshaug, seier det er uaktuelt å utsette innføringa av naudnett i Ålesund, men han har forståing for kritikken mot det som har skjedd.

– Eg føler det er feil at ein skal bygge ut AMK-sentralen i Ålesund utan at strukturen på AMK-sentralane i fylket har vore diskutert.

Frustrert

Ein av dei som deler frustrasjonen over AMK-handteringa, er Atle Tangen, som er leiar for Landsforeningen for hjerte- og lungesyke i Møre og Romsdal. Mange av medlemmane har, bokstaveleg talt, kor viktig AMK-sentralane er.

– Eg blir frustrert, og det ikkje så reint lite heller.

Tangen understrekar at AMK-sentralen i Ålesund sikkert treng 40 millionar kroner til nye lokale, men han reagerer på at Helse Midt-Noreg skal ha så dårleg tid.

– Ingen verdas ting er utgreidd. At ein investerer 40 millionar kroner i Ålesund, vil med reine ord seie at AMK-sentralen i Molde vert nedlagd.