Hopp til innhold

Nye ferjer - mindre utsikt

Dei nye ferjene som skal gå på Molde-fjorden er snart ferdige. Frå neste sommar blir det langt mindre å sjå på mens ferjene kryssar fjorden (reportasje over).

Video nsps_upload_2009_10_26_18_21_23_4744.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Redusert utsikt

BF Tresfjord
Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Panoramaferja Tresfjord blir flytta til Trøndelag når dei tre nye gassferjene tek over på Moldefjorden neste år.

Tresfjord har ein stor salong på overdekket. Her kan passasjerane nyte den flotte utsikta gjennom vindu frå golv til tak på begge sider.

Og det er litt av ei utsikt både mot havet og mot fjella innafor. Passasjerane kan nyte den storslåtte naturen medan dei nyt kaffi og sveler, og dette er for mange eit kjærkome avbrekk på ein lenger tur.

Første snart ferdig

Salongen på Moldefjord
Foto: MRF

Den første av dei nye ferjene er ferdig til nyttår. Denne har salong berre på eine sida og er på nivå med bildekk.

Teknisk sjef Glenn Sandberg i Fjord1 MRF seier dei gjerne skulle ha tilbode stor salong på på alle ferjene. Men dette er eit økonomisk spørsmål som selskapet ville tape på i konkurranse med andre selskap om kontraktane.

-Eit opplevelsesprodukt blir borte

Erik Berg

Erik Berg er styreleiar i Classic Norway

Foto: NRK

Styreleiar i Classic Norway, Erik Berg beklagar sterkt at den beste turistferja no blir borte frå Moldefjorden. - Med den verdien norsk fjordar etterkvart har fått synest eg det er eit stort skritt tilbake, seier han. - Dette er eit opplevelsesprodukt som både Moldefjorden og andre fjordar burde ha.