Hopp til innhold

Vil betre integreringa av flyktningar

Kristiansund kommune har til no busett flyktningar i kommunale husvære, men integreringa blir betre dersom dei bur i private hus, trur Geir Obed Nordli, rådgjevar i Kristiansund kommune.

Geir Obed Nordli
Foto: Privat

Målet er å busette fleire av flyktningane i private bustader, seier Geir Obed Nordli, rådgivar i Kristiansund kommune.

– Vi veit at det er stadig fleire kommunar som vel å bruke private bustadar. Det er mange som nesten ikkje brukar kommunale bustadar, men som i stor grad nyttar seg av lokalsamfunnet til å busette flyktningar, seier han.

– Blir eit viktig bindeledd

Kristiansund kommune vel difor å opprette ei eiga stilling som skal hjelpe dei med å finne både private og offentlege bustader til nye flyktningar.

Stillinga er knytt til eigedomsdrift og skal samarbeide tett med blant anna NAV og flyktningtenesta. Gode samarbeidsevner vil vere ein viktig eigenskap for å lukkast i stillinga, meiner Nordli.

– Vi er ute etter ein person som er god til å kommunisere. Denne personen skal gå inn i ei gruppe og samarbeide med mange ulike aktørar, så det blir ingen einsam jobb, seier han.

Den nye busettingskonsulenten skal ikkje berre finne bustadar til flyktningane.

– Denne personen skal også vurdere kva innhaldet i desse bustadane skal vere, og korleis flyktningane kan ha det for å bli mest mogleg integrert i lokalsamfunnet, seier Nordli.

Den nye stillinga skal også vere eit bindeledd mellom utleigar og kommunen, og ei forsterking av flyktningarbeidet i kommunen.

– Det store målet er at flyktningane skal bli mest mogleg integrert. Målet er at dei skal samhandle med naboar, kome seg i arbeid og delta i lokalsamfunnet, så bustaden er eit viktig element, seier Nordli.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL