Hopp til innhold

Evakuert passasjer: – Det mest skremmande eg nokon gong har opplevd

MOLDE/ÅLESUND (NRK): Dei første av dei 1300 evakuerte personane på «Viking Sky» har kome til Molde.

Evakuert

Janet Jacob er ein av dei evakuerte. Ho har aldri opplevd noko så skremmande som evakueringa frå Viking Sky.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Eg vart redd. Eg har aldri opplevd noko så skremmande. Eg begynte å be, eg bad for sikkerheita til alle om bord, fortel Janet Jacob.

Ho var på cruiseskipet saman med ektemannen og to venner av paret.

Rundt klokka 14.00 kom den dramatiske beskjeden om at «Viking Sky» var i trøbbel og køyrde mot land ved Hustadvika utanfor Romsdal.

Mange av passasjerane sat og åt lunsj då det begynte å riste.

– Først vart vi evakuerte til andre etasje. Deretter vart vi frakta vekk med helikopter. Helikopterturen var skremmande. Vinden var som ein tornado, fortel Jacob.

Må tørke seg

Kva som eigentleg skjedde veit ikkje turisten.

– Vi veit berre at det var mykje vind og røff sjø, i tillegg til at skipet fekk problem med ein av motorane, seier Janet Jacob.

Som ikkje har nokon problem med å innrømme kor redd ho har vore i dag.

Heldigvis er både ektemannen og paret dei reiste saman med vel berga.

– No skal vi inn på hotellrommet for å bli tørre, seier Jacob.

Fleire av passasjerane har delt bilde og video frå opplevinga på Twitter:

Laster Twitter-innhold
Cruiseskipet Viking Sky nær land på Hustadvika

Viking Sky måtte sende ut mayday-signal klokka 14.00.

Foto: Gunnar Holten

På hotell i Molde

Ei storstilt evakuering har blitt sett i sving etter at cruiseskipet «Viking Sky» sende ut mayday-varsel frå området utanfor Hustadvika i Fræna rundt klokka 14.00.

Rundt klokka 16.30 hadde om lag 100 personar kome til land. Og rundt klokka 18.00 hadde dei første blitt lagt inn på hotell i nabokommunen Molde. Passasjerane vart også sende til Kristiansund.

Ein video frå dramatikken inne på skipet.

– Vi sat og åt lunsj då det begynne å riste. Det var berre kaos. Helikopterturen frå skipet til land vil eg helst ikkje hugse. Det var ikkje kjekt, seier John Curry frå USA.

Klokka 18.30 hadde både han og venninna Sandy Writtenhouse kome seg til hotellet i Molde.

– Det var ei veldig skremmande oppleving. Eg ønskte berre å kome seg på helikopteret og på land så fort som mogleg, seier Writtenhouse.

Viking Sky

Evakueringa skjedde med helikopter.

Foto: Åse Grete Farstad

Skytteltrafikk

Det var i 15-tida politiet vart varsla at dei 1300 personane om bord skulle evakuerast.

Evakueringa kom i gang noko seinare. Det vart nytta helikopter.

Mange augevitne følgde situasjonen frå land på Farstadstranda i Fræna i Romsdal.

Pressekonferanse med Solberg.

Jon Georg Dale.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Fleire helikopter frakta personane frå skipet til evakueringssenteret i Brynhallen på Hustad. Helikoptera gjekk i skytteltrafikk.

10–15 personar var med på kvar helikoptertur.

Jon Georg Dale (Frp), som er fungerande statsråd mellom anna for beredskap, møtte NRK i Molde.

– Det er ein dramatisk aksjon som går føre seg. Hovudredningssentralen held regjeringa orienterte. Det er dei som skal uttale seg om denne saka vidare, seier Dale.

Her er det eine helikopteret i gang med evakueringa.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL