Ni personar plukka opp frå bølgjene

Alle dei ni om bord i lasteskipet Hagland Captain på Hustadvika er no berga ut frå skipet. Fleire av dei måtte hoppe ut i det iskalde havet før dei blei berga.

lasteskip i Hustadvika utenfor Møre og Romsdal

Klokka 23.22 laurdag kveld var alle dei ni berga ut ved hjelp av to helikopter, ingen er skadde, men dei er våte og kalde, opplyser Per Fjeld ved Hovudredningssentralen Sør.

Alle ni er no flogne inn til land, og blir varetekne i lag med dei over 100 cruisepassasjerane som er berga inn til land.

Fleire av mannskapet måtte hoppe rett ut i dei iskalde bølgjene, før dei blei heisa opp i helikoptera.

Vêrsituasjonen og dei røffe forholda med svært høge bølgjer gjer at dette var det tryggaste for besetninga.

– Dei blei plukka opp frå sjøen suksessivt, seier han.

Det skal ikkje vere fare for at lasteskipet som ligg for anker går på grunn.

– Ikkje etter det vi har kjennskap til no. Men dette er ein kontinuerleg prosess og det blir vurdert fortløpande, seier Fjeld.

Lasteskipet Hagland Captain

Søndag morgon ligg lasteskipet ankra opp. Det er på dette tidspunktet ikkje fare for at skipet vil slite seg.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kontramelding om evakuering

Tidlegare i kveld opplyste Hovudredningssentralen Sør at mannskapet ikkje skulle evakuerast. Men kort tid etter kom det kontramelding.

– Vi har fått opplysningar om at dei skal løftast av skipet med helikopter, og avgjerda blei tatt for kort tid sidan, seier Fjeld.

Situasjonen er dermed avklart, etter at skipet ei stund var i ferd med å drive på grunn.

På veg til Trøndelag

Lasteskipet Hagland Captain var på veg med tømmer til papirfabrikken til Norske Skog på Skogn i Trøndelag. Det stadfestar fabrikksjef på Norske Skog på Skogn, Amund Saxrud. Han fortel at lastebåten jamleg leverer tømmer til fabrikken.

Då var lasteskipet rett ved cruiseskipet som nokre timar tidlegare slo alarm, og der 1300 menneske no blir evakuerte.

Var i ferd med å drive på land

To redningshelikopter blei like etter klokka 19 sendt ut for å assistere havaristen, det norske lasteskipet Hagland Captain i mørket. Like før klokka 20 stadfesta politiet at skipet hadde fått motorstopp og låg på anker.

Einar Knudsen ved Hovudredningssentralen seier redningsaksjonen er svært krevjande og langt frå nokon søndagstur.

Meteorologane har meldt at vinden dreiar vestleg i området i kveld, og det kan føre til større problem for dei to skipa som no får hjelp.

Skal ha mist tømmerlast over bord

Lasteskipet Hagland Captain var på veg med tømmer til papirfabrikken til Norske Skog på Skogn i Trøndelag. Det stadfestar fabrikksjef på Norske Skog på Skogn, Amund Saxrud. Han fortel at lastebåten jamleg leverer tømmer til fabrikken.

Laster Twitter-innhold

Tidlegare i kveld blei det meldt at to redningshelikopter var like ved det norske lasteskipet for å assistere havaristen i mørket.

Det er i første omgang snakk om å redde menneskeliv. Dersom dei på nokon måte kjem i fare, så blir dei evakuerte, sa Einar Knudsen ved Hovudredningssentralen litt tidlegare i kveld.

Meteorologane har meldt at vinden dreiar vestleg i området i kveld, og det kan føre til større problem for dei to skipa som no får hjelp.