Hopp til innhold

Vil ha slutt på ferjekrøll – ber om møte med Sjøfartsdirektoratet

Når ferjene blir brukt til ambulanseoppdrag om natta har mannskapet krav på kviletid. Det har ført til innstilte ferjeavgangar på morgonen fordi reglane har blitt stramma inn. No krev politikarane i Vestlandsrådet ei løysing på problemet.

Ferje

På ferjesambandet Eidsdal-Linge har avgangar blitt innstilte på grunn av sjuketransport.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Vi kan ikkje godta at lokalsamfunna blir ramma på denne måten. Folk skal på jobb og skule og planlegg reise. Då kan vi ikkje ha ein så uføreseieleg situasjon som dette skaper.

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Anders Riise (H), er leiar for Vestlandsrådet. Og no har dei fått eit problem i fanget.

Ferjene er viktige for pendlarar som skal på jobb, skuleungdom, reisande og næringslivet som skal frakte varer. Dei er avhengige av at ferjene går når dei skal.

Fylkesordfører Anders Riise (H) i debatten om kutt i budsjettet til Møre og Romsdal fylkeskommune november 2023.

Leiaren i Vestlandsrådet, Anders Riise (H), meiner det blir skapt ein uføreseieleg situasjon.

Foto: Remi Sagen / NRK

Frustrasjon

Men nokre ferjesamband har også eit beredskapsansvar. Det inneber at ferjene har ansvar for til dømes sjuketransport når det er behov for det. Og skjer det om natta så kan det skape problem for ferjetrafikken på morgonen.

For dei som jobbar på ferjene har krav på kviletid. Og no har Sjøfartsdirektoratet stramma inn. Dei vil ikkje gi dispensasjonar som før. Dermed kan ferjeavgangar bli innstilte.

Det skaper frustrasjon og sinne blant folk som er avhengig av ferje. Det gjeld mellom anna dei som reiser med ferja mellom Eidsdal og Linge på Sunnmøre.

Ordføraren i Fjord kommune, Terese Jemtegård Moen (Sp), står bak eit opprop som har fått brei støtte. Der blir politikarane i Vestlandsrådet bede om å ta opp saka.

– Vi ber om å få eit møte med Sjøfartsdirektoratet. I første omgang må vi få ein dispensasjon. Dette kan ikkje halde fram, seier Riise.

Noralv Distad representerer Høyre i fylkestinget i Vestland.

Noralv Distad representerer Høgre i fylkestinget i Vestland.

Foto: Trond Vestre / NRK

I Vestlandsrådet sit politikarar frå Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. Problemstillinga er aktuell både i Møre og Romsdal og i Vestland. I tillegg har det ført til skarpe protestar i Trøndelag.

– Dette er ein alvorleg situasjon. Vi forstår at det er behov for beredskapsferjer, og det skal vi sjølvsagt ha. Men ferjene skal jo tene heilt andre formål. Så vi må ha ei ordning som gjer at vi kan løyse begge delar, seier Noralv Distad (H).

Omsynet til tryggleiken

Men saka har fleire sider. Når Sjøfartsdirektoratet strammar inn så er det av omsyn til tryggleiken og helsa til ferjemannskapa. I ein e-post til NRK har Sjøfartsdirektoratet gjort klart kva reglar som gjeld.

«Kviletida skal vere minst 10 timar i løpet av kva helst periode på 24 timer, men for ferjer i fartsområde 1 og 2 har vi gitt unntak. Her skal kviletida ikkje vere kortare enn seks timar i løpet av ein 24-timersperiode.»

Og ein må ta behovet for kviletid på alvor, meiner Line Hatmosø Hoem (Ap) i Vestlandsrådet.

– Det er jo ein grunn til at Sjøfartsdirektoratet har stramma inn. Eg meiner vi må få på plass meir langsiktige ordningar i staden for å gå på dispensasjonar til evig tid. For det er ikkje forsvarleg i lengda.

Fylkesordfører Line Hatmosø Hoem sitter på ferga over til Smøla. Hun ser alvorlig inn i kamera, og har på seg en rød blazer.

Line Hatmosø Hoem (Ap) vil ha på plass meir langsiktige ordningar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fjord1 jobbar no for å finne ei løysing. Ferjeselskapet har den siste veka hatt møter med Møre og Romsdal fylkeskommune, Helse Møre og Romsdal og dei tilsette i selskapet.