Hopp til innhold

Verdas første hydrogenferje blir bygd på Fiskerstrand Verft

Fiskerstrand Verft i Sula skal bygge verdas første hydrogenferje. Dei har no har fått melding om at dei får midlar til delfinansiering av prosjektet frå Pilot-E-ordninga.

Hydrogenferje

Innan 2020 skal hydrogenferja frå Fiskerstrand Verft vere ferdig.

Foto: Illustrasjon/Fiskerstrand Verft

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Denne kontrakten føyer seg inn i den strategien Fiskerstrand Gruppen har satsa på i mange år, med satsing på maritim miljøteknologi. På verftet i Fiskerstrand er det bygd ei rekke reine gassdrivne skip og hybridar med batteri.

– Akkurat no er vi i ferd med å bygge to miljøferjer basert på biodiesel og batteri, og så vidt vi veit er det også dei to første i verda, fortel administrerande direktør Rolf Fiskerstrand.

Han fortel at dei for eit års tid sidan å tenke på hydrogenvarianten der brenselsceller blir brukt som framdriftssystem for skip.

– Det som kjem ut då er ikkje eksos, men rett og slett vatn. Så det er det reinaste du kan kome mot nullutslepp.

Ny miljøferge fra Fiskerstrand Verft

To ferjer basert på biodiesel og batteri er under bygging ved Fiskerstrand Verft.

Foto: Fiskerstrand Verft

Utsleppsfri sjøtransport

Pilot-E-ordninga er eit samarbeid mellom Forskingsrådet, Innovasjon Norge og Enova. Målet er å utvikle utsleppsfri sjøtransport, og norske selskap kan få støtte i dette utviklingsarbeidet.

– Då denne ordninga blei lansert i sommar, så søkte vi. I dag tidleg fekk vi den gledelege meldinga om at vi har fått ja på søknaden om delfinansiering av utvikling av verdas første hydrogenferje.

Fiskerstrand er nokså sikker på at dei er først ute med ei slik ferje. Han kjenner ikkje til at det er kommersiell drift med slike ferjer, men det har vore nokre spede forsøk på utviklings- og forskingsstadiet.

Men han meiner interessa rundt i verda er stor, mellom anna frå Canada. At tunge aktørar er med på mellom anna finansiering er ein fordel, i tillegg til at Sintef med si røynsle blir den teknologiske basen. Hexagon, som har utvikla tankar for hydrogen, er ein annan medspelar i tillegg til både hydrogenleverandør og andre instansar.

Skal finne fjord og ferje som egnar seg

Rolf Fiskerstrand, administrerande direktør ved Fiskerstrand verft

Administrerande direktør Rolf Fiskerstrand seier målet må vere å heile tida vere i front i utviklinga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Det som også er gledeleg er den tette dialogen vi har hatt med Møre og Romsdal Fylkeskommune. Den har støtta oss og vil også finne eit passande samband der vi kan få teste ut denne ferja.

Men det er eit lite stykke fram, for i eit og eit halvt år framover skal utviklingsarbeidet pågå for fullt. Så skal ein finne ei passande ferje som kan bli bygd om, for så å bli testa ut på hydrogen og brenselscelle.

Truleg vil ei slik ferje egne seg best på strekningar over ein halv time, men i tillegg kan løysinga også bli tatt i bruk innan havbruk, nærskipsfart, fiskeri og hurtigbåtar.

– Men det får kome seinare. Vårt mål no er å ha ferja ferdig til 2020. Uansett så betyr dette at vi er i front på miljøteknologi. Vi har løfta oss enda eit hakk og befesta vår stilling. Også i verdssamanheng må dette vere eit langt skritt.