Hopp til innhold

Ventar på raudt farenivå for å pøse på med vatn

Ekspertane står klare med litervis med vatn neste gong det blir styrtregn og raudt farenivå i fjellpartiet Mannen i Romsdalen. No vil dei spyle ned dei ustabile massane.

Ekspertar jobbar med vasslangar som skal få Mannen til å rase

Ekspertane frå NVE arbeider no med å få på plass ein ny vasslange på toppen av fjellet Mannen. Han skal brukast til å spyle enorme vassmengder nedover fjellsida, og forhåpentlegvis få det ustabile fjellområdet til å rase.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Både ekspertane og lokalbefolkninga har gang etter gang vore vitne til at dei ustabile fjellmassane ved Mannen i Romsdalen har begynt å røre på seg etter kraftig regnvêr. Folk har evakuert og venta på dunder og brak, men hittil har fjellet falle til ro igjen i det nedbøren har minka.

No arbeider ekspertar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat med eit system som skal tilføre ekstra vatn neste gong det blir mykje nedbør og rørsler i fjellet.

– No er det snakk om å la naturen få virke litt først, og så hjelper vi til litt ved å tilsetje vatn, seier seniorrågjevar Kjell Jogerud i NVE.

Les også:

Vil pumpe ned meir enn regnet klarer

Oppe i fjellet har NVE sett opp tre tankar som kvar rommar 40 000 liter. I tillegg vil dei pumpe opp 9 000 liter kvar einaste time, når dei set i gang for alvor. Jogerud trur det skal setje fart på rørsle i det ustabile fjellet.

Store vasstankar på toppen av Mannen

Tre vasstankar som rommar 40 000 liter kvar står klare til bruk neste gong det blir styrtregn og raudt farenivå ved Mannen.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Det er meir enn 200 000 liter i døgnet som vi kan tilsetje, og det er truleg vesentleg meir enn det regnvêret vil bidra med her, seier seniorrågjevar Kjell Jogerud i NVE.

Les også:

Prøvar å få 100 000 kubikk fjell til å rase

Prosjektet er heilt unikt, ingen har før prøvd å provosere fram eit fjellskred. Neste gong det regnar kraftig i området, vil dei truleg forsøkje å få eit parti på rundt 100 000 kubikkmeter til å rase.

Og om folk har venta før, trur Jogerud dei kan bli nøydde til å gjere det denne gongen også.

– Vi må heilt sikkert pumpe ein del døgn før det skjer noko, trur eg, seier han.

Det ustabile fjellet ved Mannen

Det er dette fjellpartiet ekspertane håper skal rase, dersom dei tilfører ekstra vassmengder.

Foto: Gunhild Sætre / NRK