Hopp til innhold

Evakuerte får enno ikkje flytte heim

Det har vore stille på Mannen det siste døgnet, men det er venta store nedbørsmengder dei neste dagane. NVE opprettheld difor raudt farenivå ved det rasfarlege fjellet.

Fjellet Mannen

Det er no 15 cm snø på Mannen. Det hindrar at regn legg seg i fjellsprekkene.

Foto: Ekseth/Gedde-Dahl / NTB scanpix

Etter to dagar med mykje nedbør har det vore fare for at delar av det rasfarlege fjellet, Mannen i Romsdalen skal rase ut. Det har kome mykje snø på fjellet og dei tidlegare store rørslene har avteke. Likevel vel NVE å oppretthalde raudt farenivå.

– Meteorologane varslar at det kan kome inntil 50 mm nedbør fram til søndag, først som snø, men som regn frå og med i morgon ettermiddag. Det er difor fare for at rørslene i fjellpartiet vil auke igjen dei neste to dagane, skriv NVE i ein statusrapport.

Lars Harald Blikra geolog, her ved fjeller Mannen

Sjefgeolog Lars Harald Blikra seier det framleis er meldt om raudt farenivå ved Mannen, sidan det er meldt om store nedbørsmengder i dagane som kjem.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Framleis raudt farenivå

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) varslar framleis om raudt farenivå ved Mannen.

– Slik det er lagt opp, skal vi tilbake til gult. Vi kan ikkje senke farenivået til gult, før vi veit om det er trygt nok, seier sjefgeolog, Lars Harald Blikra.

Politiet evakuerte 11 personar, som enno ikkje får flytte heim.

– No som vi har meldt om raudt farenivå vil vi vere forsiktige med å gå tilbake til eit lågare farenivå for fort slik at ein unngår å plutseleg måtte evakuere igjen.

Les også:

Se utviklingen ved fjellet "Mannen".

Ventar meir rørsler utover hausten

Rørslene er der framleis, men dei er jamnare no. Fjellpartiet vil til slutt rase, spørsmålet er berre når. No viser målingane ei døgnhastigheit på under to cm.

Les også:

– Det er 15 cm nysnø og 1,5 minusgrader på toppen av fjellet. Snøen hindrar at det kjem vatn i sprekkane som påverkar rørslene, seier Blikra.

Den nedste delen av fjellet har ikkje hatt så store rørsler som tidlegare år, men Blikra trur det vil bli større rørsler utover hausten.

Les også:

– Det er meldt varmare vêr neste veke. Er det grunn til å tru at det blir større rørsler då?

– Det kjem an på kor mykje nedbør som kjem. Det er ikkje meld like mykje nedbør no framover, og 15 cm snø svarar til ca. 15–20 mm nedbør, så det er ikkje så mykje snø som kjem til å smelte.