Hopp til innhold

Tiltalt: – Hadde ikkje gjort det same igjen

SUNNMØRE TINGRETT (NRK): Mannen som er tiltalt for å ha kjøpt ulovleg fisk seier han aldri hadde kjøpt fisken om han hadde visst at den kom frå ein ukjent leverandør.

Sunnmøre tingrett

Det er sett av sju dagar til saka mot dei tre mennene som er tiltalt for heleri og tjuveri av fisk til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Tre menn er tiltalt for heleri av fisk frå Scanprod AS til ein samla verdi av nesten 12 millionar kroner. Ein av desse, ein mann med tilknyting til Aalesund Seafood, er tiltalt for å ha mottatt fisk, vel vitande om at det var ei straffbar handling som låg bak.

Dette nekta han for då han forklarte seg i Sunnmøre tingrett tysdag ettermiddag. Mannen som no er tiltalt for å ha kjøpt stolen fisk sa også at han ikkje ville kjøpt fisk frå hovudtiltalte dersom han hadde visst at fisken var kjøpt av ein ukjent leverandør.

Den hovudtiltalte selte fisk til Aalesund Seafood ved fleire anledningar i løpet av ei periode på fem år. I går forklarte mannen at han visste lite om dei som leverte fisken eller kvar den kom frå, men hevda han trudde fisken kom frå Nord-Norge og at handelen var lovleg.

Vektla svarte pallar

Både den hovudtiltalte og mannen som er tiltalt for å ha kjøpt fisken blei spurt om korleis fisken var pakka når den blei levert til Aarseth Fisk, som er eigd av Aalesund Seafood. Det blei også stilt spørsmål ved korleis fisken blei levert.

Toril Dale

Toril Dale vektla pallane som fisken blei levert i under si utspørjing av dei tiltalte.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det er denne fisken som påtalemakta meiner er stole frå Scanprod. Her blei det mellom anna vektlagt at fisken blei levert på svarte pallar, noko Scanprod sjølv bruker.

Bistandsadvokat for Scanprod, Toril Dale spurte den hovudtiltalte kvar han fekk pallane frå og kva han gjorde med dei etter at han hadde levert fisken. Den hovudtiltalte forklarte at Aarseth Fisk ikkje hadde noko plass å gjere av pallane, slik at han sjølv tok dei med og leverte dei tilbake til dei han kjøpte fisk av.

Burde hatt betre kontroll

Aktor spurte også den tiltalte om han ikkje burde ha sjekka betre kvar fisken kom frå, og om Mattilsynet sine rutinar knytt til fiskehandtering og merking blei følgt. Manne forklarte då at han ikkje hadde for vane å involvere seg i kvar leverandørane deira fekk fisken frå.

– Eg tok aldri imot fisken, og var mest opptatt av tilbakemeldingar på kvaliteten av fisken. Rutinane til merking har også blitt skjerpa dei siste åra. Vi hadde kanskje reagert på det med merking i dag, men det var ikkje like vanleg tidlegare, sa mannen.

Vidare fortalde den tiltalte at dei no har endra rutinane knytt til det å ta imot umerka pallar.

– I dag blir ein umerka palle stoppa. Då ringer vi leverandøren og ber dei om å kome å ta den tilbake, forklarte mannen.

Snever etterforsking

Den tiltalte meinte likevel at dette har vore ei normal måte å handle med leverandørar på, og at dei har hatt andre mindre leverandørar som den hovudtiltalte. Mannen meiner at Aalesund Seafood har hatt eit godt rykte og håper dei kan å behalde det også etter rettssaka. Under forklaringa si vektla mannen også at han meiner politiet si etterforsking har vore for snever og at dei berre hadde følgt eitt spor.

Trakk tilståing

På slutten av dagen fekk også mannen som no er tiltalt for å skulle ha fjerna fisken frå bedrifta starta på forklaring si. Der kom det fram at mannen hadde innrømt heleri i eit tidlegare politiavhøyr, men at han i ettertid trakk denne tilståinga.

– Eg blei forvirra av situasjonen og tilstod noko som ikkje var ein realitet. For meg er det uforståeleg at eg blir skulda for tjuveri etter alle desse åra, fortalde mannen som byrja å jobbe for Scanprod i 2007. Mannen blei sagt opp frå stillinga si i 2015.

Mannen innrømte også at han hadde hatt speleproblem i ei lengre periode, noko som hadde gitt han økonomiske problem.

Mannen skal fortsette forklaringa si onsdag.