Hopp til innhold

Vegen opnar i dag

Fylkesveg 63 mellom Geiranger–Eidsdal blir opna søndag klokka 11.30, det opplyser Statens vegvesen.

vegen mellom Eidsdal og Geiranger

Fylkesveg 63 mellom Geiranger–Eidsdal blei stengt onsdag kveld då det gjekk eit 100 meter breitt snøskred over vegen.

Foto: alf-jørgen Tyssing

Vegen har vore stengt sidan onsdag kveld, då det gjekk eit 100 meter breitt snøskred over vegen.

Opnar søndag

Statens vegvesen var søndag morgon på staden for å vurdere om vegen kunne opnast igjen.

– Vi har fått eit skredvarsel i området frå NVE, og må no undersøke om vegen er trygg nok til å opne, sa seksjonssjef Ole Jan Tønnesen til NRK søndag morgon.

Vegvesenet sette søndag i gong oppryddingsarbeid på staden for å gjere vegen klar for opning.

– Kaldare vêr har gjort det mogleg å sette i gong med brøytearbeidet, og vegen skal vere klar til opning 11.30, seier Odd Einar Hjellen i Statens vegvesen.

Alle vegane til Geiranger er no stengde. Og vegen mellom Geiranger og Eidsdal vil framleis vere stengt til veret betrar seg.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL