Hopp til innhold

Vegen blir ikkje opna i dag

Vegen mellom Eidsdal og Geiranger blir ikkje opna igjen i dag, opplyser Statens vegvesen. Seint i går kveld køyrde ein brøytebil inn i skredet som sperra vegen.

vegen mellom Eidsdal og Geiranger

Statens vegvesen har i dag undersøkt vegen mellom Eidsdal og Geiranger etter at det seint i går gjekk eit snøskred.

Foto: alf-jørgen Tyssing / nrk

Alle vegane til Geiranger er no stengde.

I går kveld gjekk eit hundre meter breitt skred over vegen mellom Eidsdal og Geiranger. Odd Einar Hjellen i vegvesenet seier geologen har vurdert forholda.

Snøskred

Det bles framleis mykje i området.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / nrk

– Det bles mykje på staden, og inne i mellom går det framleis nokre små skred, så snøskredfaren er betydeleg. Det er verken plass eller vêr til å arbeide der no, så vegen blir i alle fall stengt ut dagen, seier han.

Ein brøytebil køyrde inn i raset, og bilen blei kasta sidelengs, men sjåføren kom seg ut utan skade.

Vegen mellom Eidsdal og Geiranger blir ofte stengt når det er stor snøskredfare i området.

Før oppryddinga kan starte må geologar og lokale fagfolk vurdere skredfaren. Ifølgje seksjonsleiar i vegvesenet, Ole Jan Tønnesen, kan det ta tid å rydde opp i snøskredet.

– Dessutan er det jo ein ryddejobb som må gjerast når det har gått eit skred med ei breidde på 100 meter over vegen, seier Tønnesen.

Alle vegane til Geiranger er no stengde. Og vegen mellom Geiranger og Eidsdal vil framleis vere stengt til veret betrar seg.

Sjå TV-reportasjen her.