Hopp til innhold

Fylkesveg open igjen etter flaum

Fylkesveg 65 ved Stokkåa, like nord for Rindal er no open igjen etter at vegen i går måtte stengast på grunn av flaum.

Oversvømmelse på fv 65 i Rindal

Fylkesveg 65 ved Stokkåa, like nord for Rindal er no open igjen etter å ha vore stengt store delar av laurdagen.

Foto: John J. Storholt

Det melder Statens vegvesen. Vegen blei opna igjen natt til søndag.

– Vegen er no open med lysregulering og i eitt felt, slik vegen var før oversvømminga, opplyser dei.

Store vassmengder

Det var like før klokka 13 laurdag at fylkesveg 65 ved Stokka i Rindal vart stengt på grunn av flaum. Vegen er hovudfartsåra mellom Surnadal og Trondheim og bilistar har måtte køyre lange omvegar.

Vegen er nyleg restaurert og røra som ligg der er berre midlertidige og ikkje dimensjonerte for å ta unna alt vatnet. Mykje nedbør førte dermed til ei oversvømming, og vegen måtte difor stengast.

Både brannvesen, entreprenørar, Statens vegvesen og fleire bønder med traktor har jobba for å få unna vatnet heile dagen i går. Dei lagde også ei demning, som ei stund stod i fare for å kollapse.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL