Hopp til innhold

Har betre kontroll over flaumstengt veg

Mannskap jobbar laurdag kveld på spreng for å ta unna alt vatnet. Flaum gjer at fylkesveg 65 er stengt ved Stokka, like nord for Rindal. Vegen opnar truleg seint laurdag kveld.

Flaum på fv 56 i Rindal

Både brannvesenet, Statens vegvesen og bønder jobbar for å hindre at vegen rasar ut. (Foto: John J. Storholt)

Det var like før klokka 13 laurdag at fylkesveg 65 ved Stokka i Rindal vart stengt på grunn av flaum. Vegen er hovedfartsåren mellom Surnadal og Trondheim og bilistar har måtte køyre lange omvegar.

Vegen er nyleg restaurert og røra som ligg der er berre midlertidige og ikkje dimensjonerte for å ta unna alt vatnet. Området er så oversvøymd at røra har ligge åtte meter under vatn.

– No har vi kontroll. Vannstanden har sokke med ein meter og snart er store pumper frå Kristiansund brannvesen på plass. Regnvêret har også stoppa, seier Torgeir Bye, seksjonsleiar i Statens vegvesen til NRK klokka 19.50.

Bønder og gravemaskiner

Både brannvesen, entreprenørar, Statens vegvesen og fleire bønder med traktor har jobba for å få unna vatnet heile dagen. Dei lagde også ei demning, som ei stund stod i fare for å kollapse.

– Vatnet stig meir og meir og vi er redde for at vegen skal bli tatt av alt vatnet, sa Bye til NRK klokka 14.15.

Klokka 17 opplyste Bye at dei framleis arbeidde med å få ned vannstaden. Laurdag kveld skal det kome brannpumper frå Kristiansund, som skal ta unna vatnet.

– Vegen blir forhåpentlegvis opna i løpet av kvelden, seier Bye. Utrykingskøyrety skal no få passere på staden.

Kor stor er øydeleggingane?

– Det må vi sjå når vi har fått bort vatnet, seier Bye.

Bønder hjelper til på oversvømt veg i Rindal

Fleire bønder er på staden for å hjelpe til.

Foto: John J. Storholt

Regn og snøsmelting

Frilansar John J. Storholt var ein av dei første som kom til staden etter oversvømminga

– Det var litt kaotisk med det same, seier Storholt. Han seier at fleire bønder i området er der med traktorar med lensepumper.

Det har regna kraftig i området laurdag. I tillegg er det snøsmelting frå fjellet.

Fylkesveg 65 er stengt ved Stokkåa, like nord for Rindal på grunn av flaum
Stengt veg