NRK Meny
Normal

Meiner at privat grusveg har blitt øydelagt

På grunn av flaum har fylkesveg 65 i Rindal vore stengt laurdag og mange bilistar har i staden brukt ein privat grusveg. No meiner grunneigarane at vegen har blitt øydelagt og vil ha erstatning.

Privat veg over Furhaugmarka

Slik ser vegen ut etter stor trafikk laurdag. Den er gjørmete og full av spor.

Foto: Sigrid Skjølsvold/Trollheimsporten.no

Store mengder med vatn gjer at vegen ved Stokkøyan nord for Rindal vart stengt laurdag. Strekninga er hovudvegen mellom Surnadal og Trondheim og har mykje trafikk. Mange av bilistane har brukt ein privat hytteveg over Furhaugmarka. Grusvegen er ikkje dimensjonert for store køyretøy, men både bussar og lastebilar har brukt vegen, ifylgje grunneigar Per Kåre Nergård.

– Det har vore tele i vegen og det har ført til at vegen blir sundkøyrt. Skadane er godt synlege etter stor trafikk, seier Nergård. Han har ikkje oversikt over kor mange bilar som har brukt den private bomvegen i dag. Det var nettstaden Trollheimsporten som først omtalte saka.

Furuhaugmarka veglag

Per Kåre Negård, Jon Fosseide og Einar Lillegård er tre av grunneigarane i Furuhaugmarka veglag.

Foto: Sigrid Skjølsvold/Trollheimsporten.no

Må betale for skadane

Veglaget, der 22 grunneigarar er med, meiner at Statens vegvesen må ta kostnaden for øydeleggingane.

– Vi har ikkje økonomi til å gruse vegen på ny. Vi ha måtte stenge vegen resten av året dersom bilistane skulle halde fram å køyre her, seier Nergård.

Dei såg ikkje anna råd enn å stenge den private vegen for trafikk. Vegen er no fysisk stengt i begge endar. Folk må køyre om Å og Meldal, som er betydeleg lengre.

– Dei som måtte snu har forståing for det. Det blir lang omveg for dei som skal på jobb på sjukeheimen i Rindal, seier Nergård.

Skal sjå på skadane

Oversvømmelse på fv 65 i Rindal

Flaumen på fylkesveg 65 i Rindal, gjorde at folk har måtte finne alternative vegar.

Foto: John J. Storholt

Seksjonsleiar i Statens vegvesen, Torgeir Bye, seier at dei må sjå på skadane i ettertid.

– Vi er ikkje motvillige til å sjå på saka, seier Bye.

Hovudvegen ved Stokkøyan er framleis stengt på grunn av flaumen, men dersom dei får ned vannstanden, kan det vere ei moglegheit for at vegen opnar laurdag kveld.