Hopp til innhold

Fleire farar truar laksen

Låg vassføring og høge temperaturar gjer at laksen stå i fare for å døy av oksygenmangel og sjukdom. Men det er ikkje den einaste trusselen.

Georg Solem, formann i Surnadal Elveeierlag

Georg Solem, formann i Surnadal Elveeigarlag, seier det er fleire ting som truar laksen i elvene no. Tørkesommaren skaper ein utfordrande situasjon for elvelaksen.

Foto: Roar Strøm / NRK

Den langvarige tørken som har ramma store deler av landet denne sommaren, byr også på store utfordringar for laksen i elvane. Elva Surna i Rindal kommune har i mange år vore rekna som ei viktig og god lakseelv. Men tørken denne sommaren har forvandla elva til eit trist syn.

Elva Surna

Laksen samlar seg i kulpar langs elva for å overleve.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Elva har blitt ein liten bekk. Laksen står i fare for å døy av oksygenmangel dersom det ikkje kjem betydeleg regnvêr snart. Regn i to timar hjelp ikkje, vi må ha regn i to veker, seier Georg Solem, formann i Surnadal Elveeigarlag.

Og situasjonen er ikkje unik. I fleire av landets lakseelver er det kritisk låg vassføring i år.

Fleire truslar

Den låge vassføringa gjer at laksen ikkje kjem seg vidare til gyteområda, men blir verande i kulpar langs elva. Når vasstanden i elvene minkar, samtidig som vasstemperaturen aukar, blir laksen slapp. Det gjer fiskeforholda mykje lettare for dyr som oteren. I tillegg står laksen også i fare for å døy på grunn av oksygenmangel, fortel Solem.

Surna elv

Elva Surna i Rindal har betydeleg lågare vasstand i år enn tidlegare. No begynner det å bli kritisk for laksen i elva om det ikkje kjem meir nedbør snart.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Laksen er avhengig av oksygen for å overleve. Når vasstemperaturen kjem opp i 25 grader eller meir så blir oksygennivået i vatnet lik null. Då er det berre på botnen av dei djupaste kulpane at det er nok oksygen.

Men det er ikkje berre laksen som bruker kulpane. Det flotte sommarvêret trekk også til seg enno ein trussel, nemleg badegjestar. Solem er redd for at ivrige badande skal stresse laksen som allereie er i ein prekær situasjon.

– Vi ber om at dei som vel å bade i kulpane ikkje uroar laksen. Dei kan kjøle seg av, men bør unngå dykking eller å kome for nær. Då slepp laksen å bli ytterlegare redusert av å bruke energi på andre ting enn å overleve, seier han.

Kan få sjukdomar

Dette kan også gjere laksen ekstra utsett for å få soppsjukdomar, fortel Solem.

– Når laksen blir svakare, blir han også enno mindre motstandsdyktig mot soppsjukdomar, som er ganske vanleg i periodar som no. Når laksen både får sår på kroppen og har lite oksygen, så aukar sjansen for at den dør.

Georg Solem, formann i Surnadal Elveeierlag

Georg Solem, ber badande om å vise omsyn for laksen og ikkje vere for nær den.

Foto: Roar Strøm / NRK

Tre og ei halv mil av elva er allereie stengt for fiske på grunn av den utfordrande situasjonen. Solem seier at dei ikkje har planar om å innføre eit forbod mot bading, men ber folk vere varsame.

Også fleire andre elver har stengt for fiske eller innført reguleringar. Solem fortel at dei følgjer situasjonen fortløpande, men fryktar at det vil komme enno ei varmeperiode.

– Både laksen og landbruket har behov for regn no, seier han.

Også oteren har gunstige fiskeforhold no.