27 mot 20
Etter tre timars debatt vedtok kommunestyret med 27 mot 20 stemmer å tilrå Helse Midt-Noreg å byggje det nye sjukehuset på Hjelset.
Mindretalet ville ha ei sentrumsnær løysing med nytt sjukehus på Lergrovik eller Eikrem, slik rådmannen har tilrådd og fleirtalet i formannskapet har gått inn for.
Debatten handla mykje om kva for eit alternativ som raskast vil føre til at det blir bygt eit nytt sjukehus i Molde.
Mange meiningar
Onsdag demonstrerte fleire av dei tilsette ved sjukehuset i Molde for at sjukehuset bør ligge på Hjelset.
I januar stod dei to Høgre-ordførarane i Molde og Kristiansund fram med semje i sjukehusspørsmålet. Begge ville ha eit sentrumsnært sjukehus i kvar av byane.
Sjukehus på Hjelset - fotomontasje: Kosbergs arkitektkontor