Hopp til innhold

Veret skapte sirkus i dag

Store mengder vatn og kraftig vind gjorde at det vart for farleg å ha sirkus på Fiskå i Vanylven i dag. Direktøren turte ikkje sette opp teltet på grunn av vindkasta.

Cirkus Zorba

Store mengder vatn møtte sirkuset då dei kom til Fiskå i dag.

Foto: Ronja Gujord

Cirkus Zorba

Det dårlege vêret gjorde at sirkuset måtte avlyse i dag.

Foto: Ronja Gujord

Landets minste sirkus, Cirkus Zorba, har framsyningar ei veke til, før sesongen er omme. Den siste tida har vêret vore heilt elendig, men ikkje så gale som i dag. Då dei 26 artistane kom til Fiskå på Søre Sunnmøre med 15 lastebilar og campingvogner, var det litt av eit syn som møtte dei.

– Plassen der vi skulle sette opp teltet fløymde av vatn. Det høljregna og bles kraftig, fortel sirkusdirektør Ronja Gujord.

Risikabel jobb

Eit sirkustelt tåler fint vatn, men sjølve jobben med å sette det opp, er risikabel dersom det er mykje vind. Gujord ringte Meteorologisk institutt for å høyre om det var betring i sikte, men fekk inga trøyst der.

Ronja Gujord

Ronja Gujord er direktør i landets minste sirkus.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

– Vi bestemte oss for å avlyse førestellinga. Vêret ser håplaust ut og vi kan ikkje ta sjansar, seier Gujord.

Vågale nummer

Det er ikkje berre for dei som skal rigge opp teltet uveret er farleg for. Også for artistane kan det vere fatalt.

– Vi har artistar som utfører risikable nummer. Er det vatn på golvet, kan det bli svært farleg, seier Gujord. Ho og resten av dei sirkustilsette reiste i ettermiddag vidare til Larsnes, der dei skal ha førestelling i morgon.

cirkus Zorba

Dersom det er mykje vatn på golvet kan det vere farleg for artistane.

Foto: Cirkus Zorba

Likar styggevêr

Det vesle sirkuset reiser land og strand rundt seks månader i året. Dei er vande med dårleg ver og likar det også. Det er nemleg på dagar der vêret er ruskete at dei får flest publikummarar. Når det er fint ver vil folk heller gjere andre ting.

– Det er sjeldan at vi må avlyse ei førestelling. Det skjer ein gong i året, seier Gujord. Ho tok over sirkuset som 19-åring og er i dag verdas yngste sirkusdirektør med sine 22 år.