NRK Meny
Normal

Sjå dokumentaren om «Ustoppelege Ronja» og Sirkus Zorba HER kl. 20.15

21 år gamal tok Ronja Gujord frå Kristiansund over sirkus Zorba etter far sin. I kveld kan du møte henne i TV-serien «Dei ustoppelege» på NRK1.

Norsk dokumentarserie. Ronja Gujord frå Kristiansund tok i ein alder av 21 år over sirkus Zorba etter far sin. Med det fekk ho ansvaret for tretti sesongtilsette og eit sirkus som kvar sommar turnerer 10 000 kilometer med bilar, folk og dyr - land og strand rundt - og gjennomfører over 150 forestillingar. Sirkusbransjen slit i motbakke, men Ronja gjev ikkje slepp på draumen sin. Det er ein hard kamp... (3:6)

Sirkusdirektør Ronja Gujord (22) frå Kristiansund er ein av 'finne på'-menneska vi får møte i NRK-serien «Dei ustoppelege».

I TV-serien «Dei ustoppelege» på NRK 1 møter vi seks menneske som jaktar på sine draumar.

Med ubendeleg vilje, beinhardt arbeid og ofte med stor økonomisk risiko skaper dei arbeidsplassar og aktivitet.

Éin av desse er sirkusdirektør Ronja Gujord (22) frå Kristiansund.

Sirkusbransjen i motbakke

– Det er ingen dans på roser å drive sirkus, seier den modige 22-åringen.

Då ho tok over sirkuset fekk ho ansvaret for tretti sesongtilsette og eit sirkus som kvar sommar turnerer 10 000 kilometer med bilar, folk og dyr - land og strand rundt - og gjennomfører over 150 framsyningar.

– Eg lever litt på dei to timane der vi har forestilling og ein har den gode kjensla av å bringe noko godt inn i livet til folk. Det trur eg gjer at ein faktisk gløymer dei 22 timane før forestillinga.

Sirkusbransjen slit nemleg i motbakke. Ho er glad for at folk gjennom kveldens episode av «Dei ustoppelege» også kan få sjå den negative sida av det å drive sirkus.

– Med mykje glitter og stas kan dette sirkuslivet verke veldig glamourøst for mange, men slik er det ikkje.

Les også:

– Eg har viljen og styrken til å klare å drive sirkuset vidare

«Dei ustoppelege» er ein portrettserie som skildrar "finne-på"-menneska. Om byggjarar, gründerar, små, men viktige aktørar i næringslivet vårt.

Gjennom opp- og nedturar ,vinning og tap, - i basketak med små marginar gjev dei ustoppelege seg aldri. Heller ikkje Ronja Gujord.

– Det skal veldig mykje til for å stoppe meg. Veldig mykje.

22-åringen ønskjer ikkje å gje seg med sirkuslivet.

– Dette er livet mitt. Eg er sikker på at eg kan få det til å gå rundt, og eg føler eg har pågangsmotet og viljen og styrken til å klare det.

Ronja Gujord

Gleda Ronja føler av å vise sirkus Zorba sine framsyningar til folk, gjer at ho gløymer slitet ved å drive sirkus.

Foto: Per Kvalvik / NRK

Let seg ikkje knekke

Ronja gjev ikkje slepp på draumen sin. Sirkuset skal leve og Ronja vil fornye framsyninga og igjen trekkje folk til teltet. Det er ein hard kamp.

Etter at «Dei ustoppelege» følgde henne, gjekk sirkus Zorba konkurs.

– Då såg eg ikkje lyset i enden av tunnelen ei lita stund, men så tok eg meg saman og tenkte at eg ikkje kan la dette knekke meg. Utan å prøve, så veit ein ikkje om ein får det til. De blir ikkje kvitt meg, ler Ronja.

Ho har allereie sett episoden av den nære og varme fjernsynsserien der ho vert portrettert, og det synest ho var spesielt.

– Det er litt tøft å sjå ein slik usminka versjon av meg sjølv. Eg kjente at tårene pressa litt på, då eg fekk sjå livet mitt med eigne auger utanfrå.

Les også:

«Dei ustoppelege» kan du sjå på NRK1 klokka 20.15.