No meiner Sjukepleiarforbundet at Helse Sunnmøre bør finne andre arbeidsoppgåver til henne.
Rusa på arbeid
Anestesisjukepleiaren blei i fjor dømd for å ha stole og misbrukt bedøvingsstoffet Fenatyl medan ho var på arbeid på sjukehuset i Ålesund.
Det var under førebuingane til ein operasjon på ein ti år gammal gut at kollegaene hennar fekk mistanke om at ho var rusa. Helse Sunnmøre sa henne opp etter at ho var dømd.
Nye oppgåver?
No ber ho gjennom advokaten til Sjukepleiarforbundet om at tilsettinga hennar i Helse Sunnmøre må stå ved lag. Advokat Tore Dahlstrøm ber helseføretaket vurdere om ho kan få nye oppgåver i ei anna stilling. Han viser til ei liknande sak på 90-talet då ein sjukepleiar som hadde vore rusa, blei omplassert.
Advokat Dordi Flormælen i Helse Midt-Noreg vil ikkje kommentere denne saka, men seier på generelt grunnlag at når ein tilsett har stole medikament frå sjukehuset og vore rusa på arbeid, kan det vere svært vanskeleg å gi vedkommande jobben tilbake eller finne nytt arbeid.
Helsetilsynet
Saka er no til behandling i Helsetilsynet, som truleg kjem til å ta frå kvinna autorisasjonen hennar som sjukepleiar.