Det er den enorme kostnadssprekken på Nordøyvegen som kan slå beina under
Det er den enorme kostnadssprekken på Nordøyvegen som kan slå beina under nye store fylkesvegprosjekt i Møre og Romsdal. Vegvesenet la i går fram tal som viser at kostnadssprekken truleg kjem på ein stad mellom 600 millionar kroner og 1,1 milliard.
–Dette betyr at Nordøyvegen kjem til å gå ut over eller forseinke andre prosjekt. Fylket får mindre armslag til å setje av pengar til prosjekt som står lenger nede på prioriteringslista, seier medlem i Samferdsleutvalet Iver Nordseth (V).
- Les også:
- Les også:
Stort etterslep på vedlikehald
I tillegg til kostnadssprekken på Nordøyvegen er det eit stort etterslep når det gjeld vedlikehald av fylkesvegane. Frp-representant Frank Sve har ved ei rekkje høve sagt at fylkeskommunane er lurt, og at det ikkje har følgt med nok pengar då fylkeskommunane tok over ansvaret for ein stor del av dei gamle riksvegane.
- Les også:
- Les også:
– Dialog med Staten
Trollheimstunnelen er eit av prosjekta som ligg i køen bak Nordøyvegen. Det kan bli vanskeleg å realisere dette prosjektet etter den oppsette planen.
– Ja. Med tala for Nordøyvegen og med tala for Trollheimstunnelen er det klart at dette blir nærmast uhandterleg, om vi skal halde fram i same retning i forhold til investering i nye prosjekt. Det fins ein måte å få dette til på, og det er gjennom ein dialog med Staten, gjennom finansiering på store ferjeavløysingsprosjekt, seier Nordseth.
Nordøyvegen skal gje fastlandssamband til Nordøyane.