Hopp til innhold

Jubel for Nordøyvegen

I dag var det full jubel i Haram og Sandøy, og rådgjevar for Nordøyvegen, Oddbjørn Vatne, drøymer om framtida.

Oddbjørn Vatne jublar for Nordøyvegen
Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Eg ser for meg at dette blir Atlanterhavsvegen nummer to i Møre og Romsdal, så dette blir ein skikkeleg turistattraksjon!

Den tidlegare Haram-ordføraren er overbevist om at det kjem til å verte mykje trafikk utover til øyane i Haram når vegen er på plass.

- Om ein tek seg ein sykkeltur ut til Lepsøya ein sommardag, kan ein site på brua og sjå på hurtigruta og andre båtar som reiser forbi, det kjem til å bli eit fantastisk skue.

Gode sjansar for snarleg oppstart

Hege Solbakken, statssekretær i samferdselsdepartementet besøkte i dag øyane i Haram og Sandøy. Ho seier at Nordøyvegen har svært gode sjansar for snarleg oppstart etter at ordninga med rentekompensasjon no skal gjelde for store bompengeprosjekt. Solbakken seier også at regjeringa tek sikte på å sette i gang prosjektet.

Les også: Får truleg rentefrie lån

Oddbjørn Vatne håper bygginga kan starte i 2012 og at vegen er klar i 2015.

- Kanskje vi kan få inn ein tjuvstart i 2011 også, dersom planlegginga er ferdig. Vi arbeider med reguleringsplanen no, og det tek si tid.

- Uvurderleg

Bedriftsleiaren Inge Huse frå Harøya seier at vegen betyr alt for bedrifta hans. Bedrifta I.P. Huse har omlag 130 tilsette og leiar på verdsmarknaden når det gjeld konstruksjon og produksjon av vinsjar til ankerhandteringsfarty. I desember i fjor vart han kåra til årets entrepenør, og beviste at det er mogleg å få det til, sjølv på ei øy ute i havgapet. Men for framtida er bedrifta hans avhengig av Nordøyvegen.

Inge Huse

Inge Huse

Foto: Bernt Baltzersen / NRK

- Dersom det ikkje kjem veg, så er her ikkje bedrifter om 15-20 år, så enkelt er det.

Ingemund Longva ved Rolls Royce si avdeling på Longva seier at Nordøyvegen vil vere uvurderleg for bedrifta.

- For alle oss som jobbar i næringslivet og elles bur på øyane, er det svært viktig at vi no endeleg får eit bevis for at finansieringa snart er på plass. Det er viktig for å stoppe fråflytting, men også for å sikre at folk utanfrå trur på både næringslivet og det å bu ute i distrikta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL