Hopp til innhold

Stor kostnadssprekk på Nordøyvegen

Nordøyvegen kjem til å koste 2,66 milliardar kroner. Det viser kalkylen som blir presentert for samferdsleutvalet onsdag formiddag.

Samferdselsutvalet

Samferdselsutvalet blir orienterte om den store kostnadssprekken for Nordøyvegen i dag.

Foto: Trond Vestre / NRK

Nordøyvegen skal binde øyane i Haram saman med fastlandet. Det er eit vegprosjekt som det har vore kjempa for i fleire tiår. Den store kostnadssprekken kom overraskande på samferdslepolitikarane.

– Dette var veldig, veldig høgt. Og det er ganske overraskande. Vi får høyre kva som ligg bak og sjå kva som kan gjerast vidare, seier Frank Sve (FrP).

– Er det overkomeleg?

– Alt er overkomeleg. Vi skal gjere det vi kan for å kome i mål. Men kostnadssprekken er overraskande, seier Sve.

Nordøyvegen kart

Nordøyvegen skal knyte Nordøyane til fastlandet i Haram.

No bed forkjemparane for denne vegen om at politikarane ikkje misser hovudet, sjølv om tala ser styggare ut enn tenkt.

– Dei må halde fast ved dei signala og prioriteringane som har vore gitt. Dei må ikkje misse hovudet fordi om ein no ser ein kostnadssprekk i kalkylane. Dei må halde den tidsplanen som er lagt. Prosjektet er livsviktig for utviklinga av regionen, seier plassjef på Rolls-Royce sin avdeling på Longva, Asbjørn Rogne.

Opphavleg var prislappen på 1,8 milliardar kroner. Dei nye tala kom på bordet då samferdsleutvalet hadde møte onsdag formiddag. Vegvesenet har rekna på kostnadene og inntektene i ei heil veke.

I kostnadsoverslaget blir det konkludert med at det er 83 prosent sannsynlig at prisen på Nordøyvegen blir mellom 2,4 og 2,9 milliarder

Kostnadssprekken er stor. Dermed kan det bli ein politisk diskusjon om framtida til Nordøyvegen.

Eg har full tillit til politikarane våre i fylket. Dei har vist klare signal i veldig mange år med å prioritere dette prosjektet. Eg har tiltru til dei, seier Rogne.

Fylkespolitikar Frank Sve er oppteken av at samferdslebudsjettet er under press. Fylkeskommunane har teke over ansvaret for dei fleste tidlegare riksvegane, og det ser ut til å bli for lite pengar til vedlikehald.

Regjeringa har lurt oss trill rundt når det gjeld dei gamle riksvegane. Der er eit stort vedlikehaldsetterslep og store utfordringar, men vi skal gjere det vi kan for å få bygge nye vegprosjekt, seier Sve.

Men blir det vanskeleg for deg å få med deg resten av gruppa di for å finansiere ein slik kostnadssmell?

– Vi har vore veldig positive til Nordøyvegen heile tida. Vi får ta drøftingane, og så skal vi sjå korleis dette ligg an, seier Sve til NRK.