Hopp til innhold

Løft for Nordøyvegen

Statsbudsjettet inneber eit løft for Nordøyvegen. Dette vegsambandet er blant dei topp-prioriterte fylkesvegprosjekta i Møre og Romsdal.

Nordøyvegen

Møre og Romsdal får bruke 1,3 milliard kroner i rentefrie lån dei neste 10 åra, som kan brukast på store bompengeprosjekt.

Tok hardt i

Møre og Romsdal søkte om 1,5 milliardar i slike rentefrie lån. Statsbudsjettet opnar for at fylket kan bruke 1,3 millardar.

Oddbjørn Vatne

Oddbjørn vatne. Styreleiar i Nordøyvegen AS.

Foto: Trond Vestre / NRK

- Vi var i grunnen klar over at vi tok litt hardt i. Det vi har fått er nok vår rettmessige del av desse pengane. Det er heilt fantastisk å få rentefrie lån på 1,31 milliardar til Nordøyvegen, seier styreleiar Oddbjørn Vatne.

I sjokk over statsbudsjettet

Manglar 200 millionar

Over ein 10-års-periode manglar prosjektet 200 millionar kroner. Dette fins det løysingar på, seier Oddbjørn Vatne.

- Dette betyr at der er pengar som det må betalast rente på. Men frå før har næringslivet i Haram gått inn med 50 - 60 millionar kroner meir. Dette dekkjer opp omtrent halvparten av denne ekstra rentekostnaden, seier Vatne.

Disse får penger

Her er vegpengene

Vil hjelpe innsatte med rusproblem

Grønt lys for Nordøyvegen

Summane som er sett opp i Statsbudsjettet inneber truleg at Nordøyvegen kan bli realisert.

- Med dei føringane som no ligg i Statsbudsjettet på rentekompensasjonsordninga, så skal det mykje til om dette prosjektet skal stoppast. Her får fylket bygge eit veganlegg til 1,8 milliardar kroner. Sjølv brukar fylket 200 til 300 millionar kroner. Det må no vel vere fantastisk, seier Oddbjørn Vatne.