Hopp til innhold

Vann 3,7 millionar i Lotto

Tippelaget til regionavisa Sunnmørsposten stakk av med storpremien under Lotto-trekninga laurdag kveld.

Vinnarrekka

Litt før klokka 20 i går kveld var vinnarrekkja til tippelaget til Sunnmørsposten eit faktum.

Foto: Skjermbilde

Vinnarane av laurdagens Lotto-rekke var mange. Forutan ein mann frå Bergen og ein mann ifrå Levanger, vart den tredje vinnarrekkja fordelt på heile 12 personar frå eit tippelag på Sunnmøre.

Eit tippelag frå Sunnmørsposten har nemleg spelt på det same Lotto-systemet i 19 år, og denne helga kan dei endeleg ta ut toppremien.

Med hjartet i halsen

Spelegeneralen i tippelaget, Frank Sunde frå Mauseidvåg, følgde spent med under trekninga i går.

– Eg registrerte at eg kjende at seks av tala, så eg måtte sjekke om det siste stemte også, fortel han til Norsk-tipping.no.

Tala har nemleg ikkje endra seg stort laget begynte spelinga, og denne gangen den faste talrekkja deira 8-13-15-28-32-33 som gav full gevinst.

– Vi har ein i laget som vi kallar den evige optimist. Kvar veke i 19 har vi høyrt at "no er det like før", og jammen fekk han ikkje rett til slutt, seier Sunde.

Ei stund var det likevel meir spennande enn Sunde kunne ønskje.

– Eg fekk hjartet i halsen ei lita stund når eg skulle sjekke resultata på mobilen min, for der stod det at eg ikkje hadde nokon aktive spel, seier han. Men det stemte heldigvis ikkje.

Trudde det var ein bløff

Tidspunktet for premien kom på eit gunstig tidspunkt, kan Sunde fortelje.

Lotto-trekning 2.nov 2013

Slik var premiefordelinga i Lotto-trekninga laurdag kveld

Foto: Skjermbilde

– Vi har ein kollega i tippelaget som sluttar 1. desember, og ho har naturleg nok i det siste vore bekymra for om premien skulle kome før eller etter den datoen. Heldigvis slo det til no, seier Sunde til Norsk Tipping.

Då premien var eit faktum, ringde tippegeneralen rundt til laget sitt for å fortelje dei gode nyheitene.

– Alle trudde eg bløffa, absolutt ingen, absolutt ingen trudde det var sant, fortel Sunde til Smp.no.

No set spelarane i tippelaget igjen med litt over 300 000 kroner kvar.

– Vi har hatt utruleg mykje moro med tippelaget opp gjennom åra, og det blir garantert ikkje mindre moro no, legg han til.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL