Hopp til innhold

– Ja, sju rette! No blir det feiring!

Ein mann i 40-åra frå Nordmøre og eit tippelag frå Nordmøre vann kvar sin gevinst på 1,8 millionar i Lotto laurdag kveld.

Viking Lotto-kuler

To av seks Lotto-tipparar med sju rette er frå Nordmøre.

Foto: Norsk Tipping

– Ein mann i 40-åra frå Nordmøre hadde levert Lotto-kupongen på iPaden, og då det ringde frå Hamar logga han seg raskt inn, for å sjekke om det stemte.

– Ja, sju rette! Det høyrest bra ut, sa han og la til at med to barn og sambuar så gir vil gevinsten gi meir økonomisk fridom.

For å sjekke reaksjonen på familien tok han med seg iPaden inn i stova medan Norsk Tipping var på tråden.

– Eg har noko å fortelje dykk, eg har vunne 1,8 millionar kroner i Lotto, sa han til familien.

Det vart heilt stille, og ingen trudde på han før iPaden hadde blitt sendt rundt hjå familien. Først etter nesten eit halvt minutt vart det jubel i stova.

– Nå blir det feiring, var den siste kommentaren frå ny-millionæren.

Tippelag skal dele gevinsten

Ei kvinne, òg frå Nordmøre kan smile hele vegen til banken, då eit tippelag skal dele premien på 1.844.230 kroner. Dei sat og såg på trekninga, og skjøna ikkje det som skjedde. Dei hadde sjekka fleire gonger, og var veldig glad når Norsk Tipping tok kontakt.

– Me har bryllaupsdag neste laurdag, så me dryger feiringa til då. Ellers så skal me nok kose oss litt ekstra utover, og kanskje vil dottera få ei overrasking kunne ho røpe.

Lotto-kupongen hadde ho levert hos Narvesen Futurasenteret.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL