Hopp til innhold

– Det var julegåva si, det!

Aleksander Myrseth Dragsnes (27) frå Skodje vart Lotto-millionær på julaftan.

Aleksander Myrseth Dragsnes

Aleksander Myrseth Dragsnes (27) opna gåver då Norsk Tipping ringte med millionbeskjeden julaftan.

Foto: Privat

– Er det sant? Å himmel og hav! Det var julegåva si, det! var reaksjonen til Aleksander Myrseth Dragsnes då han fekk telefon frå Norsk Tipping under julegåveoppakkinga i går kveld.

Han er ein av 30 ekstra SuperLotto-millionærar som vann 1.333.330 på kvar på julaftan.

Ferietur med familien

Midt under opninga av julegåver saman med familien fekk trebarnsfaren frå Skodje den ekstra store julegåva.

– Tusen hjarteleg! Eg har fått veldig mykje fint, men dette var no også fint, sa han fornøgd etter då han fekk millionbeskjeden.

Når det gjeld kva han skal bruke premien til, trur han ikkje han skal gå tom for idear.

– Vi skal sikkert reise på ferie og vi har no tre ungar, så det ordner seg nok fint, sa 27-åringen til Norsk Tipping i går.

– Tidenes julegåve!

Også på Smøla fekk ein heldig mann telefon frå Norsk Tipping på julaftan. Der sat Terje Dahl saman med born og svigerdøtre då han fekk den glade nyhenda.

– Ja, det kom litt brått på, men kan du seie premiesummen ein gong til slik at alle kan få høyre det? spurde han i telefonen og vart møtt med latter i bakgrunnen.

I tillegg til Aleksander Myrseth Dragsnes og Terje Dahl fekk endå ein mann frå Møre og Romsdal millionpremie i julegåve.

– Du tullar ikkje no? Har eg verkeleg vunne 1,3 millionar? var reaksjonen frå Molde-mannen då han fekk beskjeden frå Norsk Tipping i går.

– Eg er heilt skjelven no. Dette var tidenes julegåve!

Endå kan det vere fleire i fylket som vann i Lotto på julaftan. Sju av dei ferske SuperLotto-millionærane tok ikkje telefonen då Norsk Tipping prøvde å nå dei i går og ein av dei er ein mann frå Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Fredag gjekk det eit steinras i Trollstigen. Foto: Dag Christian Ugseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Steinras i Trollstigen – kjem ikkje til å påverke opninga