Hopp til innhold

Vaktordning til 70 millionar

Sjukhusa i Molde og Kristiansund må spare 60 millionar kroner.

Kristiansund sjukehus
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Mindre effektive

Styret i Helse Nordmøre og Romsdal

Styret i Helse Nordmøre og Romsdal må spare inn 60 millionar kroner.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Helse Nordmøre og Romsdal vil sjå nærare på vaktordningane og korleis klinikkane kan verte meir effektive.

Sjukehusa i Molde og Kristiansund må finne innsparingar på meir enn 60 millionar kroner, men styret vil ikkje no snakke om nedleggingar, endringar eller samanslåing av avdelingar.

Dei to sjukehusa i Helse Nordmøre og Romsdal er blitt mindre effektive i pasientbehandlinga siste par åra. Styret har no ambisjoner om at sjukehusa igjen skal bli like produktive som dei var i 2007.

Men konkret korleis dette skal skje blei ikke diskutert på styremøtet onsdag. Men fokuset blir retta sterkt inn på den kostbare vaktberedskapen.

- Dette blir meget tøft

- Riv ruskende galt

Kostbar beredskap

Styret fekk presentert ei oversikt som viste at vaktberedskapen kostar 70 millionar kroner.

Men sjølv om nær ein tredel av legelønningene går til vaktberedskap, så er det heller få akuttsituasjoner på kveld og helg som forsvarar pengebruken.

Christian Bjelke

Medisinsk fagdirektør Christian Bjelke vil ikkje vurdere omlegging av tenester no.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Medisinsk fagdirektør Christian Bjelke seier at det kostar veldig mykje å ha vaktordningar som dekker heile døgnet ved små sjukehus.

Bjelke seier det er mogleg å spare, men så lenge sjukehuset skal ha ei forsvarleg drift så må det også vere vatordningar som støttar opp under avdelingane. Han vil ikkje gå inn på om fordelinga av avdelingane ved dei to sjukehusa må vurderast. Bjelke meiner at det må vere opp til Helse Midt-Norge å vurdere eventuelle endringar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL