Kven av oss huskar ikkje 17. mai-feiringar med stillongs under bunaden, og minstemann nedkrølla i vogna, godt beskytta av regntrekket. Festdagar der du måtte bruke paraply for å i det heile tatt berge restane av antrekket og frisyren.
50 prosents sjanse for sol
Ved Vervarslinga på Vestlandet kan dei førebels ikkje love godver denne gongen heller.
– Det ligg vel på rundt 50/50 om det blir fint ver, seier vakthavande meteorolog Berit Hagen ved Vervarlinga på Vestlandet.
Les også:
Bunad uansett ver
For veret på 17. mai opptek mange. Tove Krøvel Sætre er i byparken i Ålesund saman med to barnebarn. Ho er opptatt av korleis veret blir, sjølv om ho uansett stiller i bunad.
- Det betyr veldig mykje for alle barna som skal pynte seg og gå i kjolar og fine dressar, seier Krøvel Sætre.
- Kva gjer du med bunaden dersom det blir regn, då?
- Då blir det paraply, seier Tove Krøvel Sætre, som seier ho til og med har brukt stillongs under stakken ein gong det snøa 17. mai.
Viktig for mange
Ho har ingen problem med å forstå engasjementet rundt 17. mai-vêret, då svært mange nordmenn trekkjer utandørs og går i tog – uansett ver.
– Det forstår eg godt at folk er opptekne av, eg er det sjølv også. Du er ikkje den første som ringjer for å høyre, for å seie det slik, ler Hagen. Men fasiten kan ho altså ikkje gje.
Fleire lågtrykk på veg
Problemet akkurat no er lågtrykka som pregar vêret litt lenger sør i landet, og som kan kome sigande innover Vestlandet også.
– I løpet av veka kjem det i alle fall eitt lågtrykk over Sør-Noreg, og deretter hitover, onsdag eller torsdag kjem det eit nytt, seier Hagen. Men samstundes ligg det også eit høgtrykk over kontinentet. Kunsten då er å vite korleis dei plasserer seg dei neste dagane.
For tidleg å planlegge antrekket
Meteorologen ville ikkje planlagt antrekket etter vêret allereie no.
– 17. mai ligg veldig langt fram, og vêret dei neste dagane blir skiftande. Det er litt tidleg å seie kva ein bør ha på seg, eg ser ingen klar tendens, seier Hagen.
Les også:
Vent til torsdag
Først torsdag, altså om fem dagar, meiner meteorologen at dei med nokså stor sikkerheit kan varsle vêret 17. mai, to dagar seinare.
Fint i helga
I mellomtida kan folk i Møre og Romsdal gle seg over nokså fint ver med sol i helga.
– Det blir ganske bra både i dag og i morgon, kanskje skyar det litt til utover ettermiddagen i dag. Og så blir det gjerne litt skodde på kysten, men elles nokså bra ver, seier Hagen.