NRK Meny
Normal

Allergiforbundet: – Ikkje pynt med bjørk

– Å pynte lokala med bjørk 17. mai, er slett ikkje greitt. Det seier Monica Dalseth i Allergiforbundet.

Bjørk

Norges Astma og allergiforbund meiner at bjørka ikkje høyrer heime inne i festlokala under grunnlovsfeiringa.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Norske flagg, bjørk og bunadkledde folk er sjølve symbolet på 17. mai. I Noreg har bjørka stått i ei særstilling og har sidan uminnelege tider vore brukt til fleire ulike føremål. Blant anna til pynting på festdagar. På helleristningar frå bronsealderen kan ein sjå båtar pynta med bjørk.

Nyutspringe bjørk er eit vårteikn etter ein lang og kald vinter. Det hardføre og uthaldande treslaget er eit symbol på folket som overlever vanskelege forhold og vert på den måten eit nasjonaltre.

Men Norges Astma og allergiforbund meiner at bjørka ikkje høyrer heime inne i festlokala under grunnlovsfeiringa.

– 17. mai er midt i den verste bjørkepollenspreiinga og difor er det viktig å åtvare mot å pynte med bjørk, seier Monica Dalseth. Ho er regionsekretær i Norges Astma og Allergiforbundet.

Monica Dalseth

Monica Dalseth meiner det finst mange andre gode alternativ til bjørk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Dei har sendt ut informasjon til 17. mai-komiteane om kva som er dei største allergifellene på festdagen. Både kvitveis og bjørk bør vere att ute.

  • Sjekk pollenvarslinga der du bur her

Folk vert sjuke

Dalseth forstår at det å bruke bjørkeris har ein lang tradisjon i Noreg.

– Dei som ikkje reagerer på pollen tenkjer kanskje ikkje over at det er eit problem, men det er viktig å at folk si helse kjem i første rekkje, seier Dalseth.

Rundt ein million nordmenn reagerer på pollen. Rennande og kløande nase, hovne auge og trøttheit er typiske symptom.

LES OGSÅ:

Brukar bjørk ute

17. mai-komiteen i Kristiansund er snart klare til den store festdagen. Tradisjon tru pyntar dei talarstolen med bjørkeris. Komiteleiar Einar Jahn Torvik trur ikkje det er noko problem.

– Det er berre små mengder, og dersom ikkje dei fire-fem som skal halde tale i løpet av dagen er allergiske, skal det ikkje vere noko problem, seier Torvik.

Også i nabobyen Molde brukar dei nokre kvastar med bjørk til pynt.

– Det er fint med noko vårgrønt saman med flagga. Det vert berre littegrann på ute på rådhusplassen, seier Eva Britt Mauseth. 17. mai-komiteen i Molde har ingen arrangement innandørs.

Monica Dalseth synest det er greitt å bruke bjørk utandørs, men ikkje der folkemengda skal vere samla. Innandørs kan rogn, lerk, kornell, mispel, roser utan duft, eldtopp, fioler, stemor, hortensia, riddersporer og karpatklokker vere gode alternativ.

Bjørk

Rundt ein million nordmenn reagerer på pollen. Rennande og kløande nase, hovne auge og trøttheit er typiske symptom.

Foto: Janne Brit Aasen / NRK