Hopp til innhold

Utset opning av fødeavdeling endå ein gong: – Ser ikkje korleis vi skal få det til

I over eitt år har dei prøvd å få tak i folk som kan jobbe ved fødeavdelinga i Kristiansund. Etter nok ei utsetting ser leiar for sjukehuset mørkt på framtida for avdelinga.

Kristiansund sykehus

SJUKEHUSET I KRISTIANSUND: Fødeavdelinga på sjukehuset i Kristiansund har vore stengt i over eit år no, på grunn av mangel på fagfolk.

Foto: Eirik Haukenes / NRK Luftfoto

Den 6. juni i år kom meldinga om at fødeavdelinga i Kristiansund kunne opne igjen, etter å ha vore stengt i over eit år.

Men gleda var kortvarig, etter å ha vore sommarstengt, melder Helse Møre og Romsdal at den ikkje blir opna som planlagt. Grunnen er igjen, mangel på personell.

Sjefen for sjukehuset i Kristiansund og i Molde, ser ikkje lyst på framtida for fødeavdelinga.

Akkurat no må eg må vere heilt ærleg å seie at eg ikkje ser korleis vi skal klare å få det til, seier, Georg Johnsen.

Han seier at det som påverkar han mest er korleis denne situasjonen er for dei fødande og dei tilsette i Kristiansund.

– Det er vel det eg føler aller mest på. Det eine er dei fødande som har ein usikker situasjon når vi opnar og stenger. Det andre er dei tilsette som vi rekrutterer til ein usikkerheit. Det er det verste for meg, dei tilsette og dei fødande.

Men han vil legge til at dei har eit trygt fødetilbod i Nordmøre og Romsdal med ei stabil fødeaveling i Molde.

Ikkje berekraftig

Fødeavdelinga i Kristiansund er den einaste i landet som har eit stortingsvedtak på å halde ope. I tillegg har dei fått 25 millionar kroner for å få avdelinga på beina igjen.

Redaktør i Dagens Medisin meiner at dette er nok eit døme på at lokalpolitikk trumfar omsynet til å sikre eit godt fagleg tilbod.

– Eg har full forståing for at ein ønskjer eit fødetilbod så nært som mogleg, men verda er ikkje slik at det er berekraftig i den norske helsetenesta i dag dessverre, seier Siri Gulliksen Tømmerbakke

Ho peiker på at det blant anna er jordmormangel i heile Noreg, også mangel på legespesialistar.

Eg meiner at om der det skal vere eit fødetilbod, så må det vere kapasitet til å halde fødetilbodet opent, og det må vere faglege forhold som ligg til grunn, ikkje politikk, seier ho.

– Ikkje pengar som styrer det

Og det er nettopp fagfolk som er problemet seier Georg Johnsen.

– Vi har prøvd veldig hardt, brukt mykje tid på denne saka i over eit år, så ser vi kor sårbart det er. Så det å klare å rekruttere fagfolk er veldig utfordrande og eg ser ikkje heilt akkurat no korleis vi skal lukkast.

Klinikksjef for sjukehusa i Molde og Kristiansund, Georg Johnsen

Sjef for sjukehusa i Kristiansund og Molde seier dei har strekt seg ekstremt langt for å få fødeavdelinga i Kristiansund oppe å gå igjen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / nrk

Sjølv med 25 millionar ekstra i potten så er ikkje det nok til å lokke folk til Kristiansund. Her peiker Johnsen på at dei tilsette ønskjer faglege interessante arbeidsoppgåver, og ein jobb som passar med familieliv.

– Gynekologar og legar i dag ønskjer ikkje å jobbe vakt annakvar helg eller kvart tredje døgn. Det er det som er utfordrande, det er ikkje pengane som styrer det, seier han.

Om tre år skal Romsdal og Nordmøre få eitt nytt felles sjukehus som skal ligge på Hjelset. Der vil det vere ei fødeavdeling for begge regionane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL