Urolege over mangel på politifolk

Fellesnemnda i nye Ålesund kommune er urolege for at det er for få politifolk i Møre og Romsdal. I ein uttale til Justis- og beredskapsdepartementet, Møre og Romsdal politidistrikt og Politidirektoratet ber dei om auka budsjett til politiet i fylket. Bakgrunnen for uttalen er at politimeisteren har sagt at dei må la 40 stillingar stå ledige i 2019 for å klare å halde budsjettet.