Hopp til innhold

– Vi nærmar oss ei smertegrense

Sulaordførar Geir Ove Vegsund er uroa for framtida til lensmannskontoret i kommunen.

Geir Ove Vegsund

Ordførar Geir Ove Vegsund (H) i Sula på Sunnmøre håper lensmannskontoret i kommunen får betre høve enn det som no er skissert.

Foto: Terje Reite / NRK

– Bemanninga er allereie på eit minimumsnivå. Vi begynner å nærme oss ei smertegrense på kor lågt eit bemanna lensmannskontor bør ha for å vere eit operativt lensmannskontor.

Kutta fleire stillingar

I 1998 var det ni stillingar ved lensmannskontoret. I 2014 er det 2,5 stillingar att. Og no vil Sunnmøre politidistrikt kutte ytterlegare ei stilling.

Vegsund har derfor sendt brev til politimeister Steven Hasseldal der han legg fram argumentasjon for at ein skal få behalde dei årsverka som er att ved kontoret. Han meiner det er viktig å ha eit velfungerande lensmannskontor.

– Vi har sett at det er veldig viktig for kommunen. Det er viktig å ha eit lokalt lensmannskontor som har lokal kunnskap og som følgjer med på det som skjer i lokalmiljøet, seier ordføraren.

Mistar lokala sine

Som følgje av at lensmannskontoret har mista stillingar jamleg sidan 90-talet, treng dei heller ikkje dei store lokala som dei hadde tidlegare. No har det blitt fremja eit forslag om at kontoret skal flyttast til 4. etasje i gamle Devold-fabrikken i Langevåg. Der er det verken dusj eller toalett, og utsikta er mot bakgarden til fabrikken.

Vegsund meiner dette er eit steg på vegen mot å leggje ned lensmannskontoret under eitt.

Samlar ressursane

Steven Hasseldal

Politimeister Steven Hasseldal i Sunnmøre politidistrikt seier ingen lensmannskontor skal leggjast ned.

Foto: Hans-Olav Riise / NRK

– Ingen kontor skal leggjast ned, forsikrar politimeister Steven Hasseldal.

– Det vil framleis vere ein lensmann i kvar kommune som representerer nærpolitiet. Desse skal framleis vere eit kontaktpunkt ut mot publikum og ha samarbeid med aktørar. Det vil det ikkje vere noko endring på, seier han.

Årsaka til at lensmannstilbodet vert dårlegare, forklarar han med eit behov for å utnytte dei totale ressursane i politiet på ein betre måte.

– Det ein gjer er at ein flyttar pengar frå dyre lokale til fleire hender i arbeid.
Ein sentraliserer funksjonane, slik at ein får meir kraft ut av det, forklarar han.

Ved å samle ressursane, meiner Hasseldal at kapasiteten til førebygging, utrykking og etterforsking vil bli betre.

– Til dei som seier at vi no raserer tilbodet i kommunane, så vil eg seie tvert imot: Det er som å putte pengar i banken. Ein får ikkje mindre pengar, men betre avkastning, seier han.


SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL