Politimeister Steven Hasseldal i Sunnmøre politidistrikt er nøgd med 12 nye politistillingar, men meiner fleire må til for å få god nok politidekning.
Foto: Brede Røsjø / NRKSunnmøre politidistrikt 12 nye stillingar, medan Nordmøre og Romsdal politidistrikt får 10 nye stillingar. Det opplyser Politidirektoratet i ei pressemelding.
– Vi veldig glade for at vi får 12 nye stillingar. Vi fekk også 12 i 2013, og 12 no i 2014, seier politimeister Steven Hasseldal i Sunnmøre politidistrikt.
– Held det med 12 nye stillingar?
– Nei, vi ligg framleis på botn bemanningsmessig, men det er eit godt bidrag, og det vil iallfall utgjere ein forskjell, seier han.
- Les også:
Ressursauken er eit ledd mot målet om å få to tenestepersonar per 1000 innbyggjarar i 2020. Sjølv med dei 12 nye stillingane, meiner Hasseldal at Sunnmøre politidistrikt ligg godt under ei tilstrekkeleg bemanning.
–Sunnmøre har ei politidekning på 1,09 per 1000 innbyggjarar, så det er nok eit godt stykke att før vi ligg på det bemanningsnivået som vi burde ha, seier Hasseldal.