Svein-Johan Hansen ved Opplæringskontoret for Fiskerinæring og Sjøfart på Søre Sunnmøre seier dei kvart år annonserer etter lærlingar, utan særleg hell.
Møre og Romsdal er det tredje største oppdrettsfylket innan laks og størst i landet på aure. Men ungdommen her bryr seg ikkje om fisk. I fjor måtte Hansen heilt til Tromsø og Stavanger for å finne ungdommar var interesserte i ei karrere innan oppdrett. Og det er alvorleg for næringa at så få er interesserte i ei praktisk opplæring. For få lærlingar kan bli eit problem fordi det kan bli mangel på kvalifisert arbeidskraft, seier Hansen.
Med stadig nytt og meir avansert utstyr innan oppdrettsnæringa, veks behovet for meir faglært arbeidskraft. Det burde vere attraktivt med ein lærlinge-jobb, synest Hansen.