NRK Meny
Normal

Ulstein Verft jaktar nye kontraktar

Ordrereserven for norske verft har opplevd ein nedgang på 8 milliardar kroner i løpet av eitt år. Ved Ulstein Verft på Sunnmøre treng dei nye kontraktar fort.

Ordrereserven for norske verft har opplevd ein nedgang på 8 milliardar kroner i løpet av eitt år. Ved Ulstein Verft på Sunnmøre treng dei nye kontraktar fort.

Sjå tv-saka: Ved Ulstein Verft på Sunnmøre treng dei nye kontraktar fort. Ordrereserven for norske verft har opplevd ein nedgang på 8 milliardar kroner i løpet av eitt år.

Norske skipsverft har no ein ordrereserve på 30 milliardar kroner fordelt på 60 kontraktar. Dette er åtte milliardar lågare enn for eitt år sidan.

Det har vore bråstopp i ordretilgangen i offshore i år, og eitt av verfta som har merka dette er Ulstein Verft på Sunnmøre. Verftet jaktar no hardt på nye kontraktar i ein tøff marknad.

– Vi opplever situasjonen no som krevjande, og vi skulle gjerne hatt meir arbeid i tida framover, seier Kristian Sætre, administrerande direktør ved Ulstein Verft.

Krevjande situasjon

Den økonomiske situasjonen i den maritime bransjen har vore krevjande den siste tida. Over 54 norske offshoreskip ligg no i opplag, og fleire reiarlag har måtte permittere tilsette.

Kristian Sætre, Ulstein Verft

Kristian Sætre, administrerande direktør ved Ulstein Verft, seier at den noverande situasjonen er vaskeleg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Samla sett har norske verft ein ordrereserve no på 30 milliardar kroner, ein nedgang på åtte milliardar samanlikna med for eitt år sidan. Og verftsdirektøren er ikkje fornøgd med den noverande situasjonen for Ulstein.

– Dagens situasjon er at vi har ein ordrereserve som er for lite, og vi skulle absolutt ha fått inn nye kontraktar innan kort tid, dersom vi skal greie å halde ein nokolunde kontinuerleg aktivitet ved verftet, seier Sætre.

Ulstein Verft har no tre skip i ordrereserve, og verftet er avhengig av offshoremarknaden for å skaffe seg nye oppdrag. Men der har det vore tilnærma ordretørke så langt i år.

– Ulstein verft har nesten berre bygd offshorebåtar sidan starten av 2000-talet. Det er det vi kan, og det vi helst ønskjer å jobbe med, seier Sætre.

– Heile organisasjonen vår er innretta på å lage offshorebåtar, vi kjenner marknaden godt og kan jobbe både effektivt og godt innanfor denne marknaden, held han fram.