Ynskjer tiltak for hindre arbeidsløyse

ULSTEINVIK (NRK): Maritimt Forum ynskjer at regjeringa skal setje i gang tiltak for å bremse auken i arbeidsløysa i den maritime næringa.

T Dale

TILTAK: Dagleg leiar Tord Dale i Maritimt Forum ynskjer at regjeringa skal setje i gang tiltak for å bremse utviklinga av arbeidsløysa i den maritime næringa.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Situasjonen me er i no gjer at me risikerer å tape kompetanse, seier dagleg leiar Tord Dale i Maritimt Forum.

– Me risikerer å tape den posisjonen Noreg har som skipsbyggar, med mindre me gjer nokon grep, seier han.

Vil ha tiltak

Dale meiner det er viktig at regjeringa kjem på banen no som den maritime næringa er i ein nedgangsperiode, og ​Maritimt Forum har ei liste med tiltak som dei ynskjer det skal bli tatt tak i.

– Regjeringa snakkar om omstilling, men me opplever det litt som ein retorikk som minner om eit skuldertrekk, seier Dale.

– Skal ein ha omstilling så må ein vera med på jobben sjølv, og ikkje berre overlate det til næringslivet, seier han.

Ynskjer finansiering til miljøprosjekt

Grunna økonomien har ikkje den maritime næringa, ifølge Dale, mogelegheit til å få utvikla miljøprosjekt.

– Mange av miljøprosjekta i maritim næring blir til dels lagt på is fordi det er prosjekt med ein høgare investeringskostnad og ein større drift-uvisse, seier Dale.

Han legg til at det difor trengst tiltak frå regjeringa.

– Me må få på plass gunstige miljøfinansieringsordningar slik at ein får investert i, og utvikla miljøprosjekt, og at ein får til den omstillinga som allereie var i gang i den maritime næringa i Noreg, seier Dale.

– Me må også få i gang ei vrakpantordning slik at me får bytta ut mange av dei eldre båtane som forureinar mykje langs kysten. Det vil stimulere til aktivitet på verfta, og vil også gi ein miljøgevinst, seier Dale.

– Risikerer å tape kompetanse

Dale seier at sjølv om den maritime næringa er vane med at det går i bølgedalar, så er det ikkje sikkert at næringa vil vera sterkare når det kjem medgang.

– Utfordringa i mange område som i Ulsteinvik, på Stord, og Fedje er at det er kommunar med veldig høg sysselsetting tilknytt den maritime næringa, seier han.

– Når dei jobbane forsvinn, så har ikkje folk så mange sektorar å gå over i. Folk flyttar, og då taper ein kompetansen. Den risikerer å ikkje få den attende når oppturen kjem, seier Dale.

Regjeringa no er kjend for å vera næringsvenleg, så har du tru på at dei vil lytte til det dykk som organisasjon fortel?

– Regjeringa har lagt fram ein maritim strategi med veldig mange gode tiltak som skal bidra til at Noreg framleis er ein av verdas fremste sjøfartsnasjonar. Det me treng no er at dei gjennomfører dei tiltaka dei har skissert, seier Dale. ​

NRK har vore i kontakt med Nærings- og fiskeridepartementet, men næringsminister Monica Mæland var ikkje tilgjengeleg for kommentar.