Ulrik (10) har tent 35.000 kroner på søppel

KRISTIANSUND (NRK): Ulrik Sandøy Sørensen (10) har fylt 350 søppelposar med plast og skrot frå strandkanten. For pengane har han kjøpt ein elektrisk sparkesykkel, men det stoppar ikkje der.

Han bøyer seg ned og plukkar opp ein tynn stilk av plast. Det ser ut som restane av eit fiskesnøre.

– Eg tek det opp fordi fuglane kan gje det til borna sine, seier Ulrik.

Guten har alltid vore oppteken av naturen og dyra, men sidan han begynte å plukke plast og avfall langs strandkanten i vår har miljøengasjementet verkeleg sett fart.

Heile 350 søppelsekkar med plast og skrot har han fjerna frå naturen med hjelp av faren. Det har det blitt pengar av.

Ulrik tener pengar på å rydde søppel

Ulrik er den ukrona «ryddekongen» på Nordmøre. Han reddar naturen, samstundes som han tener gode lommepengar.

Foto: Privat

Får pengar for plukking

Nordmøre og Romsdal friluftsråd har ei prøveordning der ein får 100 kroner for kvar søppelsekk med marint avfall ein leverer inn. Dei er kjempenøgde med resultatet.

100 kr sekken for å rydde i strandsona

NOKON FÅR BLOD PÅ TANN: – Vi har høyrt om fleire lokale foreiningar og enkeltsjeler som har nærast avgjort å gjere dette til ein hobby, og har plukka vanvitig mykje, seier Ola Fremo.

Foto: Gunnar Sandvik

– Folk plukkar når dei vil, leverer det inn på det kommunale mottaket og får pant for jobben. Det er dette vi ser resultatet av her, det ser ut til å verke, seier leiar i friluftsrådet, Ola Fremo.

Kjekkare enn dataspel

Ronny Sørensen er far til Ulrik. Han er utruleg stolt av sonen og engasjementet han viser.

– No synest han det er kjekkare å reise ut og plukke enn å sitte inne og spele Fortnite, seier Sørensen.

Dei har merka at det har blitt lenger og lenger mellom kvar sekk dei får fylt i nærområdet, og dermed må dei ta båten bort på holmar og øyer stadig lenger ute.

– Eg kjenner at vår generasjon er tapt, så vi må satse på borna for å løyse miljøutfordringane. Ulrik er oppriktig oppteken av det, seier Sørensen.

Søppelfamilien

Det har blitt ein familieaffære å dra ut og plukke plast, men det er spesielt Ulrik og faren som reiser rundt med båt for å rydde. Minstemann Kasper til høgre har også blitt ivrig.

Foto: Privat

Imponert over Ulrik

Miljødirektoratet har tildelt Nordmøre og Romsdal friluftsråd to millionar til formålet i år. Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Sveinung Rotevatn (V), synest det er flott med lokale initiativ for å få bukt med plastforsøpling.

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn frå Venstre er statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg er kjempeimponert over innsatsen til Ulrik. Miljødirektoratet og Friluftsrådet vil evaluere ordninga for å sjå om dette er noko vi skal halde fram med, seier Rotevatn.

Sunnmøre friluftsråd har fått like mykje pengar som Nordmøre og Romsdal, men har valt å basere seg heilt på frivillige. Dagleg leiar May Britt Haukås trur dei får rydda meir plast om dei brukar alle pengane på å hjelpe frivillige.

– Eg er prinsipielt imot ei sånn ordning. Å samle inn marint søppel er eit ansvar vi alle har og er som hovudregel ikkje noko vi kan betale oss ut av, seier Haukås.

Ulrik sparkesykkel

Ulrik får glede av ein elektrisk sparkesykkel som løn for innsatsen, men resten av pengane skal han bruke på å plukke endå meir plast.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Kjøpte sparkesykkel – vil redde skjelpaddene

Sidan Ulrik begynte å plukke i vår har han tent 35.000 kroner. Pengane blir spart på ein eigen konto, men han har fått kjøpe seg ein elektrisk sparkesykkel for å halde motivasjonen oppe.

No sparer nordmøringen til å kunne reise til Hellas eller Italia, der han vil hjelpe til på eit dyrehospital, som reddar skadde skjelpadder og hjelper dei til å legge egg.

– Vi må redde naturen, og vi må hjelpe alle dyra, påpeikar Ulrik.

Ulrik tener pengar på søppel

Ulrik er 100 prosent miljøbevisst, meiner faren Ronny Sørensen. Han trur eit høgt fokus på miljø i media og sosiale kanalar bidreg til å skape engasjement hos borna.

Foto: Privat