Hopp til innhold

Maren og Marie har sommarjobb med å rydde plast frå havet

Denne sommaren har tolv ungdomar fått jobb med å rydde fjøra og havet utanfor Ålesund for plast. – Det er viktig å passe på havet og livet som finst der, seier Marie Fure Kringstad (15).

Maren Pernille Vartdal Skjong og Marie Fure Kringstad

Maren Pernille Vartdal Skjong og Marie Fure Kringstad er to av tolv ungdomar som denne sommaren ønskjer å gjere ein forskjell for miljøet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

I strandsona på øya Valderøya utanfor Ålesund er Maren Pernille Vartdal Skjong (15) og Marie Fure Kringstad (15) godt i gang med å samle isopor, taubitar, tomme snusboksar og plastsøppel som dei finn på sin veg.

Sommajobb for havet

Taurestar, isopor, flasker og snusboksar var noko av det Maren og Marie fann i strandsona på Valderøya.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det er ganske sjokkerande. Vi har berre halde på i nokre minutt og har snart fylt ein halv sekk, seier dei og viser fram innhaldet dei har samla i den gjennomsiktige plassekken.

Det er den lokale miljøorganisasjonen Plastfritt Hav som står bak pilotprosjektet «Sommarjobb for havet».

Responsen let ikkje vente på seg då dei lyste ut stillingane tidlegare i vår. Tolv ungdomar i alderen 15–19 år fekk jobben. Dei får betalt 100 kroner per sekk dei greier å fylle. Ti av dei skal rydde på Sunnmøre, i tillegg til to i Bjugn i Trøndelag. For Maren og Marie var ønsket om å gjere ein forskjell for miljøet bakgrunnen for at dei søkte på jobben.

– Det er viktig å passe på havet og livet som finst der. Dersom dette blir verre vil det også bli verre for dyrelivet, seier Marie.

– Må møte engasjementet til dei unge

Plastfritt Hav har dei siste åra hatt eit stort fokus på strandrydding og hatt eit tett samarbeid med skulane. Der har dei sett ei stor interesse for miljøet blant dei unge. Det viktig å møte engasjementet deira, seier Ina Giske, som er ein av initiativtakarane bak Plastfritt Hav.

Maren Pernille Vartdal Skjong og Marie Fure Kringstad

Maren Pernille Vartdal Skjong og Marie Fure Kringstad var sjokkert over kor mykje plastsøppel dei fann på kort tid.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Marin forsøpling er eit alvorleg problem, og det gir håp for framtida at desse ungdomane tek det på høgste alvor.

I tillegg til å samle inn plast, lærer ungdomane også korleis dei skal registrere søppelet dei finn på havet og i strandsona. Dette er minst like viktig, fortel Giske. Det ungdomane finn blir registrert i den nasjonale ryddeportalen og brukt til å prøve og finne årsaka til marin forsøpling.

– Dei siste åra har det vore mykje fokus på å rydde. Men for å kunne stoppe tilsiget av meir plast og søppel, må vi finne ut kvar det kjem frå og kvifor det hamnar i havet. Vi kjem aldri i mål om vi berre skal rydde, vi må også stoppe krana, seier Giske.

Dei reflekskledde ungdomane viser godt igjen der dei går blant steinane i fjøra på Valderøya.

– Eg kallar strandrydding for haldningsskapande arbeid i praksis. Når du har vore i fjøra og rydda, så kjem du tilbake med nye haldningar og handlingar. Og det ser vi blant dei unge også, seier Giske.

Ina Giske, Plastfritt Hav

Ina Giske i Plastfritt Hav meiner det er viktig å ta miljøengasjementet til die unge på alvor.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Kan vere løysinga for andre kommunar

Søskenparet Tonje og Anders Halse er to av dei andre som har gjort ein innsats denne sommaren, og fullførte nyleg målet sitt om å fylle 100 sekkar.

Tonje og Anders Halse

Søskena Anders og Tonje Halse har denne sommaren fylt 100 sekkar med plast og søppel som dei har funne på havet.

Foto: Privat

Ordninga kan vere ei god løysing for kommunar som slit med marint søppel, meiner Tonje.

– Eg fekk sjå kor mykje søppel som ligg rundt på øyene i Giske kommune. På denne måten blir ungdomane bevisst på forsøplinga, samtidig som dei får arbeidserfaring, seier Tonje.

Vil gjere ein innsats for miljøet

Det tek ikkje lang tid før Maren og Marie har fylt den første sekken. Målet for sommaren er å fylle minst 50 sekkar, fortel dei to.

Maren Pernille Vartdal Skjong og Marie Fure Kringstad

Maren Pernille Vartdal Skjong og Marie Fure Kringstad håper dei kan gjere ein forskjell for miljøet denne sommaren.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Eg trur det blir lett, men eg håper at det kan bli litt vanskelegare å finne søppel etter kvart, seier Maren.

– Har du tru på at de kan gjere ein forskjell?

– Ja. Små handlingar kan føre til store forskjellar, svarar ho bestemt med eit smil.