Hopp til innhold

Strikkar ullsokkar for ukrainske soldatar ved fronten

– Dei gjer alt dei kan for at soldatane skal halde varmen i den iskalde vinteren med gjennomtrengande vindar aust i Ukraina. Difor strikkar flyktningane varmande, fargerike ullsokkar til dei som kjempar i krigen.

Ukrainske flyktningar på strikkebesøk hos Rauma Ullvare

Flittige ukrainske kvinner samla over strikketøyet i lokala til Oslo Sanitetsforening. Mang ein soldat på fronten i Ukraina får varmande ullsokkar herifrå.

Foto: Marina Braaten

Kor mange ullsokkar som er strikka og sendt til fronten siste året, veit ingen. Men det dreiar seg om mengdevis. Og meir skal det bli, mykje meir.

– Vi strikkar sokkane med kjærleik, og håpar soldatane forstår at dei er strikka for hand. Då føler dei kanskje også at vi tenkjer på dei, og ønskjer at alt skal gå bra, seier Mariya Vovk. Ho ei av dei 10–12 ivrige strikkarane som er med i strikkegruppa for ukrainske flyktningkvinner i Oslo Sanitetsforening.

Mariya Vovk og andre ukrainske kvinner besøker Rauma Garn ved Åndalsnes.

Maria Vovk og dei andre i strikkegruppa legg opp for å kunne strikke enno fleire ullsokkar til dei som kjempar ved fronten.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Dei kom til Noreg og Oslo for eitt år sidan, og er sørgjeleg klar over at ikkje berre kuler og granatar tek liv. Også kulde og gjørme kan vere livsfarleg for soldatane.

Strikkegruppa tek difor på stor alvor oppmodinga frå det ukrainske forsvaret om hjelp til å halde soldatane unna frostskadar og sjukdomar.

Sokker laga av strikkegruppe hos Oslo Sanitetsforening

Ullsokkar i ulike storleikar er klare til å sendast til fronten i Ukraina. Strikkegruppa veit at dei kan vere med og berge liv i vinterkulden.

Foto: Marina Braaten

Fenomenalt med strikkegrupper

Slik kan den norske trenden med strikkegrupper faktisk spele ei viss rolle i krigen. Strikkegrupper er eit ukjent fenomen i Ukraina og begeistrar kvinnene.

– Hos oss er det vanleg at folk strikkar heime hos seg sjølve, og stort sett er det eldre kvinner som strikkar. Alle har blitt overraska over at strikking er så populært hos dei unge her i landet.

Det seier Marina Braaten, koordinator for den ukrainske strikkegruppa i Oslo Sanitetsforening. Der samlast kvinnene ein kveld i veka. Nokre kunne strikke frå før, for andre var dette ny erfaring.

Elena Kursa og Marina Braaten t.h. på Dombås.

Elena Kursa og Marina Braaten t.h. Begge brenn for varmande hjelp til ukrainske soldatar.

Foto: privat

Marina har budd i Noreg i 30 år, og synest strikkegrupper er eit fenomenalt tiltak. Den store floraen av slike grupper opnar for sosialt samvær på ein unik måte og skaper vennskap. Der lærer ein nye strikke- teknikkar, og utfordrande mønster trengjer mørke tankar til sides.

Sanitetsforeininga opplever også at ukrainske kvinner som ikkje er med i strikkegruppa, leverer store bunkar med ullsokkar dei har strikka.

Sokkar som skal til soldatar på fronten i Ukraina

Kulden på fronten i Ukraina kan vere livsfarleg for soldatane. Difor er heimestrikk ullraggar kjærkomen hjelp for kalde føter.

Foto: Marina Braaten

– Det er eit veldig stort engasjement for å hjelpe soldatane frå mange ulike hald, seier Marina.

Koplar ut

– Kvinnene «våre «er jo nye i landet, og fleste hadde ei traumatisk flukt frå Ukraina. Mange har heller ikkje familien rundt seg. Med børene dei ber på ser vi kor godt det gjer å kople av i strikkeklubben, seier Marina.

Det var mykje stress å flykte, men det er meiningsfylt å strikke varmande plagg til både soldatar og familie som er att i Ukraina, stadfester Elena Kursa. Ho peikar på at strikkegruppa også er ein god plass for å lære om norsk kultur og fremjar integrering.

Tre blide ukrainarar besøker Rauma Garn

Iryna Shkinder,Svitlana Dolgova og Mariya Vovk har funne vennskap gjennom strikkegruppa.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Mariya slår fast at strikkekveldane gir kjærkomen avkopling frå nyheitsbiletet om krigens gang i heimlandet.

– Vi følgjer jo nyheitene heimanfrå konstant og bekymrar oss for korleis det går. Då er det godt å gripe til strikkepinnane og ullgarnet.

Inspirasjon i garnfabrikken

Ukraina er eit land med svært lange og stolte tradisjonar innan tekstilproduksjon. Fleire av kvinnene har erfaring frå bransjen. Men den norske strikkekulturen forbausar og interesserer kvinnene sterkt.

Difor besøkte dei nyleg den ærverdige ullvarefabrikken Rauma Garn ved Åndalsnes for å lære om korleis garn blir til. Og det var ein usedvanleg interessert og engasjert gjeng som troppa opp for spesialomvisning.

Kvinner på omvisning ved Rauma Garn

Det var spanande å følgje prosessen ulla går gjennom fram til ferdig garn.

Foto: Sissel Brunstad

Dei blei guida gjennom heile fabrikkanlegget, kunne leike med tråden, kjenne på kvaliteten og la mobilkameraet fange prosessen der norsk ull blei trylla om til garnnøste gjennom karding, farging og spinning.

– Dette er verkeleg imponerande! Vi ante ikkje at ullgarnet vi ofte strikkar av, er ekte norsk vare. Dette var fasinerande og lærerik, seier kvinnene samstemt.

Strikkegruppe får omvising ved Rauma Garn. Hildegard Halse Digernes informerer.

Omvisar Hildegard Halse Digernes synest det var heilt spesielt å vise dei den ukrainske kvinnene korleis garnproduksjonen av ullgarn skjer hos Rauma Garn.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Hildegard Halse Digernes viste entusiastisk kvinne rundt.

–Det var veldig fasinerande få sjå kor interesserte dei var, og kor mange gode spørsmål dei stilte, konkluderer Hildegard Halse Digernes entusiastisk etter å ha vist kvinnene rundt i fabrikken.

Auka inspirasjon

Togturen frå Oslo via Dombås til Åndalsnes og garnfabrikken var den første lengre reisa i Noreg for flyktningan. Antrekket var genserar og jakker dei har strikka til seg sjølve etter at dei kom til Noreg.

Ukrainere på toget til Rauma Garn ved Åndalsnes

Strikking på toget! Det blei ei førstegongsoppleving for dei ukrainske kvinnene.

Foto: Marina Braaten

Dei ler når dei fortel om erfaringa med å sitje i togkupéen med rundpinnar og strikketøy. Slikt hadde dei aldri gjort eller sett før.

– Vi strikka samtidig som vi følgde med på vakker natur rundt oss. Det var veldig uvant, men kjempeartig!

Turen til garnfabrikken blei avslutta med strikkestart for enno fleire varme sokkar og ullplagg til soldatar i vinterkaldt heimland.