Hopp til innhold

– Det kokte i fjellet og snøen fauk rundt oss

Då Turid Vad og mannen Kjell var ute og gjekk tur i Tafjord, høyrde dei plutseleg lydar frå fjellet. Dei snudde seg og vart fascinerte av synet.

Snøskred i Tafjord

Dette synet møtte Turid og Kjell Vad då dei gjekk tur i Tafjord i dag.

Foto: Turid Vad

Dei bur i ei bygd prega av rasfare, men let ikkje det påverke kvardagen. Nesten dagleg er Turid og Kjell Vad ute og går tur i Tafjord. Tysdag ettermiddag fekk dei ei sjeldan oppleving. Det var Kjell som høyrde lydar frå fjellet og snudde seg.

Snøras i Tafjord

Det er første gang Turid Vad har sett ei så stor fonn i Tafjord.

Foto: Turid Vad

– Vi såg at det kokte i fjellet og måtte snu oss frå raset fordi snøen fauk slik av trykket, fortel Turid Vad. Ho er oppvaksen i Tafjord og har aldri sett ei så stor fonn før.

Dei var eit stykke unna fonna og var ikkje redde for å bli tatt av snømassane, men dei gjekk i snøkave heim, til trass for at det var opplett. Også vegen var full av snø.

– Det var fascinerande og litt skremmande. Det føltest som om fonna kom mot oss, seier Turid Vad. Vanlegvis plar ho og mannen gå ei anna rute, som er nærare der snøskredet gjekk.

– Vi kallar dette ei mjellfonn. Det betyr at snøen er lett, seier Vad. Det har også gått andre fonner i Tafjord i løpet av tysdag.

Det er moderat snøskredfare på Sunnmøre tysdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL