Hopp til innhold

Sommareventyret har nådd sin ende

Med selskap av Isak Sigurdson Hungnes siste del av vegen , har tvillingbrørne August og Sigurd Toven Gautun brukt sommarferien på å komme seg frå Asker til Bjørnsund – utan å bruke vanlege vegar.

Framme ved Bjørnsund

Tvillingbrørne August(lys genser) og Sigurd Toven Gautun(mørk genser). Mellom seg har dei Isak Sigurdson Hungnes, som var med på siste veka av turen.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Ein ferietur utanom det vanlege er over for denne gong. NRK har tidlegare skreve om det einegga tvillingparet frå Jar i Bærum, som no har lagt bak seg 55 mil til fots og i kajakk på turen frå Bærum til Bjørsund utafor Molde. Siste veka av turen fekk dei følge av tolv år gamle Isak Sigurdson Hungnes.

Brørne alltid har vore rastlause av seg. I barndommen var dei aktive i speidaren og budde i trehytte i hagen store delar av året.

Når dei blei eldre blei helgeturar i Bærumsmarka så å seie fast rutine.

Les og:

Ville finne på noko nytt

Dei har avslutta førsteåret på vidaregåande og hadde lyst til å dra på langtur. Ruta blei bestemt: dei skulle gå og padle frå Bærum til Bjørnsund utanfor Molde, ein tur på om lag 600 kilometer.

Det blei sett berre ein regel, og den var enkel: det var ikkje lov å gå langs vanlege vegar.

(Saka fortsett under bilete)

Hurra

God stemning ved turens ende.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK


23 dagar etter at dei 17 år-gamle brørne sette ut frå Lysaker brygge, er dei no framme på Søre Bjørnsund. Siste etappe gjekk til sjøs med padling gjennom Romsdalsfjorden. No har dei lagt bak seg 55 mil, rundt 27 av dei med kajakk.

– Vi lurte litt på Norge på tvers, men det er so mange som tek den, så vi prøvde å finne på noko nytt, seier August.

Mor Margrethe Toven er frå Fræna i Romsdal, og familien har sterke band til det fråflytta fiskeværet. Dei har hytte på øya kor tvillingbrørne vart døypte då dei var små, og gutane har hatt mange somrar der sidan.

Lite problem

Det har vore «overraskande lite» problem på turen, ifølge tvillingane. Men dei enda opp med å gå ei heil natt når dei skulle møte Isak Sigurdson Hungnes, som skulle slå følge siste veka av turen.

Tvillingane hadde ikkje dekning, og måtte då berre gå til vatnet dei hadde avtalt som møteplass, utan å vite om tolvåringen faktisk sat der og venta.

– Eg måtte vente i to dagar på at dei skulle finne meg der eg var, sidan dei ikkje kunne nå meg på telefon, seier han medan tvillingane ler i bakgrunnen.

Tredjemann

Isak Sigurdson Hungnes var med siste veka av turen. Han fekk då to dagar til fots og fem på sjø saman med tvillingane frå Asker.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

I eitt med naturen

Det er liten tvil om at naturen kallar på dei tre gutane. På spørsmål om kva som har vore mest spennande, er det først og fremst fine naturopplevingar tvillingane snakkar om.

Dei har og vore dristige nok til å gå den luftige turen over Besseggen midt på natta, med det grøne Gjende 400 meter lenger ned på den eine sida, og det djupblå Bessvatnet på den andre.

Elles trekk dei to gutane fram mykje dyreliv. To harar, både fjell- og lirype, ein mår, og ein flokk tamrein oppe på fjellet har dei sett. Det har og vore mykje spor etter gaupe på turen, utan at dei har møtt på verken den eller bamsen.

– Og så var det ein drøss med sau og kyr, då, seier dei med skeive smil.

Isak er veldig inspirert av turen, og seier han er klar for nye ekspedisjonar i framtida. Men ingen av gutane har klare tankar om kor neste rute skal gå.

– Det må vi tenke litt på. Vi rekk ikkje å gå og padle tilbake igjen, so det er i alle fall ikkje eit alternativ, seier August.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL