Går 60 mil til fots - kan ikkje bruke vanleg veg

Onsdag morgon starta tvillingbrørne Sigurd og August Toven Gautun ein ferietur utanom det vanlege. Destinasjon: Eit fråflytta fiskevær i Romsdal.

August Tuven Gautun, Sigurd Toven Gautun

KLAR FOR AVREISE: Eit strålande solskin på Lysaker brygge vinkar August Toven Gautun (t.v.) og Sigurd Toven Gautun av garde onsdag morgon.

Foto: Margrethe Toven

Sigurd lagar frukost

Den siste frukosten hjå mor og far før avreise er sjølvsagt egg og bacon. Den neste månaden vil måltida vere noko enklare.

Foto: Margrethe Toven

Onsdag morgon starta tvillingbrørne Sigurd og August Toven Gautun ferien sin. Det blir ein ferie utanom det vanlege, for dei skal gå og padle frå Lysaker brygge i Bærum til Bjørnsund utanfor Molde. Turen er på om lag 600 kilometer, og dei har berre ein einaste regel for turen: Det blir ikkje lov å gå langs vanlege vegar.

– Eg veit jo ikkje kva vi kjem til å oppleve undervegs, men eg håper vi sit att med gode minner og mykje erfaring, seier August til NRK på telefon like etter at dei har teke sine første steg langs brygga i Lysaker.

Begynte i ung alder

Sigurd Toven Gautun, August Toven Gautun

Dei første skritta av veldig, veldig mange på turen til Molde.

Foto: Margrethe Toven

Dei einegga tvillingane frå Jar i Bærum har eventyrlyst i blodet. I barndommen var dei aktive i speidaren. Etter kvart bygde dei ei trehytte i hagen som dei budde ifrå påske og fram til september. Når gutane kom i tenåra, begynte dei å dra på turar i Bærumsmarka – så å seie kvar helg heile året frå fredag til søndag kveld. No har nett avslutta førsteåret på vidaregåande og hadde lyst til å dra på langtur.

– Vi diskuterte litt fram og tilbake kor vi skulle dra – om vi skulle gå Noreg på tvers eller noko liknande. Men vi hadde lyst å gjere noko ikkje så mange andre hadde gjort før. Dermed tenkte vi ei rute frå Bærum til Molde ville vere ein god plan, og slik blei det, seier August.

Stolt mamma

Margrethe Toven, som sjølv frå Fræna i Romsdal, er svært fornøgd med at gutane hennar valde nettopp heimstaden hennar som endestasjon for sommareventyret sitt. Ho forklarer at familien har sterke band til det fråflytta fiskeværet Bjørnsund i Molde. Familien har hytte på øya og tvillingbrørne vart også døypte der då dei var små.

– Det er utruleg artig at dei gjer det. Når dei kjem fram vil dei også bli møtt av mange tanter, onklar og søskenbarn. Eg og katten vår tenkjer også å ta turen i juli, seier ho.

– Er det skummelt å sende av garde barna dine på ein langtur som dette?

– Overhovudet ikkje. Dei er veldig turvante, så eg er ikkje uroa. Dei har dessutan førebudd seg sidan i fjor haust, så det var i grunn godt å sjå at dei kom seg av garde for å realisere prosjektet sitt, seier ho.

«Slapp av, det går bra»

Samstundes vedgår mora at det gjekk nokre moderlege tankar gjennom hovudet hennar idet dei var på veg ut av huset onsdag morgon. Toven er til dømes litt uroa for at det kan oppstå nokre utfordringar med beina deira.

– Det er ein lang tur dei skal gå og dei ber store, tunge sekkar, så det blei nok ikkje fritt for at det kom ein del råd og formaningar rett før dei skulle fare, ler ho.

Svaret var kanskje som ein kan forvente av to rastlause og eventyrlystne ungdommar:

– Ja, ja, ja, slapp av mamma. Det går bra!

Snart klare til tur

Godt utstyr og gode pakkeferdigheiter må til før den store reisa.

Foto: Margrethe Toven