Trur unge vil tene på større kommunar

– Lytt til dei når de planlegg framtidas kommunar. Det var bodskapen frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal til lokalpolitikarane denne veka.

Sjur Waagbø og Oda Monsen

Sjur Waagbø og Oda Monsen representerer ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kommunereforma er kanskje ikkje det første du tenkjer at ungdom engasjerer seg i. Men korleis det skal vere der vi bur, er viktig for dei som om få år skal bestemme kvar dei skal slå seg ned. Flytte heim, eller ikkje, er eit viktig spørsmål for mange unge, meiner leiaren i Ungdomspanelet, Sjur Waagbø

–Kommunane har ansvar for tenester som er viktige for ungdom. Difor er det veldig viktig at dei unge blir spurt i saker som gjeld dei, seier han til NRK.

Saman med Oda Monsen opna han ei samling om kommunereforma i Molde denne veka, med ei klar oppmoding til politikarane om å lytte til dei unge.

–Elles risikerer dei å vedta ting ungdommane slett ikkje ønskjer.

–For de vil jo at dei skal flytte tilbake?

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal opna samling

Ungdomspanelet opna samlinga i Molde denne veka.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dei vel 200 personar som var samla fekk høyre klare krav til korleis dei skal jobbe vidare med samanslåing av kommunar.

Ungdomspanelet bad politikarane fokusere mindre på forskjellar og heller finne konstruktive løysingar, ikkje minst for å gjere dei nye kommunane meir attraktive for ungdom som skal busette seg.

–Det blir meir og meir tydeleg at folketalsveksten i fylket ikkje er berekraftig. Det er for mange som flyttar vekk og som ikkje kjem heim etter at dei er ferdige med studiane sine. Møre og Romsdal er eit vakkert fylke med mange
arbeidsplassar. Kan vi bruke reforma til å gjere fylket meir attraktivt for desse? sa Oda Monsen med klar adresse til politikarane.

Smått er ikkje alltid godt

Waagbø og Monsen nemner skule, fritidstilbod og kollektivtransporten som viktige kommunale oppgåver med stor innverknad på unge sin kvardag.

-Eg tenkjer nye og større kommunar gir eit betre grunnlag for gode tilbod på fleire av desse områda. For eksempel er i dag store forskjellar i
grunnskulane, både når det gjeld organisering og kor mykje pengar kommunane brukar per elev. Vi trur færre og større kommunar kan gi eit meir likt tilbod til elevane, seier Waagbø.

Frå talarstolen bad dei også om at dei unge blir spurt til råds i diskusjonar om skulenedleggingar. Dei meiner elevane slett ikkje alltid meiner det politikarane trur dei gjer.

–Politikarane ønskjer stort sett alltid å halde oppe dei små ungdomsskulane,
men de gløymer å spørje dei unge. Mange ungdomsskuleelevar ønskjer
seg eit større miljø og seier eigentleg velkommen til 20 minutt ekstra
reiseveg, sa dei to frå talarstolen.

Avhengige av gode busstilbod

Waagsbø seier mange unge som ikkje har lappen er heilt avhengige av ein kollektivtransport som gir eit heilskapleg tilbod, ut over dagens kommunegrenser.

-Mange unge som bur i distriktet har ekstrajobbar i sentrum. Men ofte opplever dei at busstilbodet på kveld og helg er svært dårleg. Men større kommunar vil også dette kunne gi eit meir heilskapleg tilbod som dekkjer eit større område, seier han til NRK.

–Men trur du at kommunereforma vil gjere dette betre?

–Det kjem an på korleis oppgåva blir løyst, men eg har stor tru på at politikarane har høyrt på oppmodinga frå oss, seier Waagbø.