Hopp til innhold

Trur tyskarane var ute etter kongen då dei bomba raude hus i Molde

For 80 år sidan vart fleire raude hus like ved Molde bomba, fortel tidsvitnet Martin Vestre. Han meiner tyskarane hadde fått tips om at ein viktig person var i eitt av desse husa.

Huset på Glomstua i Molde der kong Haakon og kronprins Olav gjemte seg for tyskerne for 80 år siden.

RAUDT HUS: Huset på Glomstua i Molde der kong Haakon og kronprins Olav gøymde seg for tyskarane frå 23.–29. april for 80 år sidan.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Martin Vestre og familien hans budde i eit av dei raude husa like utanfor bysentrum i Molde i 1940.

Byen var knust

Faren til Martin hadde bygd eit eige bomberom på nabotomta. Då flyalarmen gjekk var det inn i det heimesnikra bomberommet for å gøyme seg.

– Vi kunne sjå flya som kom innover Moldefjorden. Det var tyskarane som kom for å bombe byen, seier Vestre.

Han hugsar at Molde var rasert etter all bombinga. Hovudgata i byen vart så øydelagt at dei måtte sette opp ein båt som trafikkerte denne vegen via sjøvegen.

Martin Vestre hjemme i Frænavegen i Molde.

BOMBINGA: Når Martin Vestre får spørsmål om kva han hugsar mest frå andre verdskrig, så svarer han kontant, bombinga.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Den 29. april i 1940 var dagen Martin kallar «den store bombedagen». Bombene som tyskarane sleppte frå fly, landa i nærleiken av huset der Vestre budde.

– Vi skjønte at bombene hadde eit spesielt mål. Når fleire andre raude hus vart bomba, så konkulderte vi med at vårt hus også kunne vere eit mål, så vi måtte flykte, seier han.

Familien rodde inn Fannefjorden til Hjelset.

– Eg hugsar det veldig godt. Det var ein stor båt, vi hadde søstera mi si seng i eine enden, seier 87-åringen.

Martin Vestre åtte år.

Martin Vestre var åtte år i 1940.

Molde var hovudstad

Kong Haakon og kronprins Olav var innlosjerte på Glomstua på vestkanten av Molde desse aprildagane i 1940.

Glomstua låg like ved skogen, der det var kort veg å rømme opp mot det kjende landemerket Varden.

Det var også her Per Bratland tok det kjende biletet ved Kongebjørka i Molde.

 Kong Haakon og kronprins Olav under Kongebjørka i Molde 1940

Kong Haakon og kronprins Olav under Kongebjørka i Molde 1940

Foto: Per Bratland

Regjeringa budde på Hotell Knausen på andre sida av byen. Der vart det halde regjeringskonferanse og statsråd, før dei nærare midnatt skulle rømme frå ein småby i flammar med 40 tonn av Noregs Bank si gullbehaldning i den engelske kryssaren Glasgow.

Molde hadde fungert som hovudstad frå 23. til 29. april 1940. Det var det få i Rosenes by som visste.

Martin Vestre har i ettertid tenkt seg fram til at det må vere nokon nær kongen som tipsa om kvar han var.

– Eg meiner at nokon i troppen til kongen har tipsa tyskarane om at kongen budde i eit raudt hus utanfor Molde by. Det var grunnen til at dei raude husa vart målet for bombinga, trur han.

Huset til familien Vestre i Molde

Huset til familien Vestre i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Trur ikkje det kan stemme

Lokalhistorikar Ola Gjendem seier at det svirra ein del rykte om dette i 1940, men sjølv trur han ikkje at det kan stemme.

– Hitler sende ut ein ordre om at kystbyane Åndalsnes, Molde, Kristiansund, Steinkjer, Namsos og Bodø skulle bli bomba. Då kunne ikkje dei allierte rømme lenger inn i landet via desse byane, seier Gjendem.

Han meiner at svært få visste at kongen var i Molde på det tidspunktet, sjølv om det i ettertid er stadfesta. Han trur heller ikkje at nokon i troppa til kongen har sagt til tyskarane kvar kongen skulle opphalde seg.

– Det har eg liten tru på. Men det eg kan seie er at den 29. april, var den dagen med kanskje flest bomber i Molde. Same dag som kongen reiste frå Molde, seier han.

Men om teorien til Martin Vestre stemmer eller ikkje, vil vi sannsynlegvis aldri få vite.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL