Hopp til innhold

– Det er typisk møringar å tilpasse seg

Det er tøffe tider for den maritime bransjen, men dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd, trur det er forbigåande. Han meiner møringar er ekspertar på å gripe nye moglegheiter.

Kleven verft

Det er tøffe tider for den maritime næringa. Biletet er tatt frå Kleven verft og dei skal ha god ordretilgang dei neste åra.

Foto: Arne Flatin / NRK

Arnfinn Ingjerd

Arnfinn Ingjerd er dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest.

Foto: Trond Vestre / NRK

Tysdag la Norges Rederiforbund fram ein rapport som viser at offshorerederia ventar ein nedgang i omsetjinga for første gong sidan 2002. Offshoreskip er lagt i opplag, fleire tilsette er permitterte og bygging av skip ved norske verft er utsett. Dagleg leiar i Maritimt Forum Nordvest, Arnfinn Ingjerd, er likevel optimist.

– Vi må vere budde på ei forbigåande tøffare tid i nokre månader. Nokre snakkar om 10 månader, andre om 20 månader. Det som er sikkert er at vi veit at det går opp og ned i maritim bransje, seier Ingjerd.

LES OGSÅ:

Havet er løysinga

Det spesielle er at oppgangen har vart svært lenge og veksten i den maritime næringa i Møre og Romsdal har vore eventyrleg dei siste 10 åra. Sjølv om fleire reiarlag har måtte lagt båtar i opplag, trur Ingjerd det på lengre sikt er behov for alle båtane.

– Havet er mykje av løysingane kloden står ovanfor og klynga på Møre er budde på å vere med på utviklinga. Vi har teknologien og kompetansen og driven, seier Ingjerd.

Satse på nye marknader

Han er rimeleg sikker på at den maritime næringa med reiarlaga i spissen har ei god framtid. Å sjå etter nye marknader har den maritime næringa vore flinke til dei siste åra. I tillegg til offshoremarknaden trur Ingjerd vindkraft offshore, oppdrett offshore og gruvedrift kan vere satsingsområde.

– Det er typisk møringen å vere flinke til å gripe moglegheiter og tilpasse seg, seier Ingjerd.