Hopp til innhold

Gjennomgangstrafikken forsvinn – men bompengane uroar

Det blir ein ny kvardag i bygda Tresfjord når Tresfjordbrua opnar. Folket langs fjorden slepp gjennomgangstrafikken. Men det kan bli dyrt å kome seg til og frå bygda.

Tresfjord

Tresfjord er ei vakker bygd som har hatt mykje gjennomgangstrafikk. Laurdag kjem det meste av gjennomgangstrafikken til å gå over Tresfjordbrua.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Laurdag 24. oktober klokka 12.20 opnar Statsminister Erna Solberg Tresfjordbrua. Dermed kjem gjennomgangstrafikken i Vestnes til å krysse Tresfjorden ytterst i fjorden, og trafikken inne i fjordbygdene blir kraftig redusert.

I dag susar tunge vogntog på den smale vegen gjennom Tresfjord. Mange av dei som bur i bygda er glade for at mykje av denne trafikken kjem til å forsvinne.

– Eg har ikkje noko imot brua. Men eg likar ikkje desse bommane som er sett opp, seier Jan Willy Løvik. Han legg vekt på at dei som bur i Tresfjord eigentleg ikkje treng brua sjølve. Likevel er det sett opp bomstasjonar som registrerer også dei som køyrer gjennom bygda.

Jan Willy Løvik

Jan Willy Løvik syklar og har ikkje bil. Likevel likar han ikkje bompengestasjonane som er sett opp.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

La ned bensinstasjonen

Nokre fryktar at bygda Tresfjord skal hamne i bakleksa. Dei som driv bensinstasjonen har hatt mykje kundar som har vore på gjennomreise. Men no er bensinstasjonen allereie nedlagd.

– Vi prøvde å drive bensinstasjonen vidare. Men det sa alle bankane nei til. No var kundegrunnlaget for lite, seier Helen Hoem Sylte.

Tresfjordingane vil likevel ikkje kalle seg pessimistar når dei tenkjer på utviklinga i bygda.

Bedriftene som er her no vil truleg klare seg. Men det spørst om folk er lojale mot oss eller om dei køyrer andre stader for å handle, seier Hoem Sylte.

Helen Hoem Sylte

Helen Hoem Sylte måtte legge ned bensinstasjonen i Tresfjord. Utan gjennomgangstrafikk blir kundegrunnlaget for lite.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Storstilt opningsseremoni

Laurdag blir Tresjordbrua open for gåande og syklande frå klokka 10.00. Det blir eit rikhaldig underhaldningsprogram, og klokka 12.20 opnar statsminister Erna Solberg brua.

Brua opnar for trafikk klokka 13.30. Sjå faktaboksar til høgre for takstar og rabattar.

Tresfjordbrua

Tresfjordbrua opnar laurdag klokka 12.20.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL