Hopp til innhold

Sluttspurten for Tresfjordbrua

Etter éin million arbeidstimar er Tresfjordbrua nesten klar til opninga laurdag.
Mange hender er i arbeid for å få til siste finishen.

Innspurt for Tresfjordbrua

Det er hektiske dagar og timar for arbeidarane som skal ha alt klart til opninga av brua om berre tre dagar.

Foto: Nils- Alte Sundnes / NRK

Tre dagar før opninga, myldrar det av arbeidsfolk rundt den nye stasbrua i fylket. For når den sjette lengste brua i landet skal opnast, skal kvar einaste av dei 1290 meterane funke og funkle.

Det kan nok virke lettare kaotisk for oss utanforståande, men alt skjer etter ein opplagt plan. Med mange hundre hender i hektisk arbeid, kjem dei aller siste detaljane på plass før opningsfesten tar til laurdag.

Rekkverkarbeid på Tresfjordbrua

Detaljar frå arbeidet med å feste rekkverket på den nye brua.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Per Ståle Øvstedal som er bas i firmaet Arvid Gjerde AS ligg på kne og skrur for harde livet. Det er bretting av rekkverket det gjeld, og naturlegvis må det skje på tampen av bruarbeidet.

– Det er alltid vi som kjem inn i siste liten, heilt til slutt, smiler Øvstedal.

Rundt han var andre i full sving med tilpassing av kantstein, festing av plater på rekkverket, spyling, planering og pleie av vegkantane.

Innspurt høyrer med

Alt skal vere på beste vis, når statsminister Erna Solberg opnar brua laurdag. Og litt stress høyrer visst med på tampen av eit så stort anleggsarbeid.

Hallgeir Brudeseth

Prosjektleiar i Statens vegvesen Hallgeir Brudeseth er godt nøgd med arbeidet som er gjort på Tresfjordbrua.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Ja, det er vanleg med ein hektisk innspurt. Det kan bli ein langspurt, eller ein kort, hektisk innspurt. Men framdrifta til brua har vi hatt god kontroll på heilt sidan i vår, forsikrar prosjektleiar Hallgeir Brudeseth i Statens vegvesen.

Fint i landskapet

Prosjektleiaren synest brua har blitt veldig fin, og det trur han dei fleste vil synest.

– Ho tek mykje av rommet i landskapet, men det blir ikkje styggare i ytre Tresfjord av brua, meiner Brudeseth.

Når Tresfjordbrua endeleg kan takast i bruk, blir det kortare avstandar for dei som bur i Vestnes kommune. Det blir også kortare veg til toget på Åndalsnes, til Bjorli og Oslo.

Tresfjordbrua

1290 meter strekkjer brua seg over Tresfjorden.

Foto: Nils-Alte Sundnes / NRK

Bompengar er lite populært, men det er bygd 22 nye småvegar i området.

– For Vikebukt har det blitt fantastisk bra, og det har blitt eit flott anlegg, seier Bjørn Busengdal driftsleiar i Busengdal Transport.

Arbeidet med Tresfjordbrua har gått føre seg sidan vinteren 2013.

– No når vi straks er i mål, er det litt vemodig, vedgår Hallgeir Brudeseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL