Pårørande er varsla. Det skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter 18.19 tysdag kveld.
Roar Fylling, operasjonsleiar i politiet, seier at saka blir etterforska vidare. Dei har sikra spor på staden og vil undersøke desse. Køyretøya vil også bli undersøkt nærare.
– Det er ei tragisk ulykke, og det er for tidleg å seie noko sikkert om årsaka. Det er framleis ein del etterforsking igjen, undersøkingar som skal gjerast og vitne som skal bli avhøyrt, seier Fylling.
Ifølge politiet skal føraren av lastebilen ikkje ha blitt fysisk skadd i ulykka. Han blir varetatt av helse.
Melde om ei alvorleg ulykke
Ulykka mellom ein personbil og ein lastebil skjedde på E136 Tresfjordbrua og det var ein førar i kvart køyretøy. Naudetatane vart varsla om ulykka klokka 12.22.
– Vi jobbar på staden og ulykka verkar som svært alvorleg, sa operasjonsleiar Leif Arne Mork i Møre og Romsdal politidistrikt til NRK i 12.20-tida.
Trafikken blei sperra i begge retningar som følge av ulykka.
– Vi har førebels ingen informasjon om årsaka til ulykka. Ein av hypotesane er at ein av bilane har kome over i motsett køyrefelt, sa Mork tysdag ettermiddag.
Ein personbil og ein lastebil var involvert i ulykka.
Foto: Torstein Sønstabø / VestnesavisaVegen var stengt i timevis
Etter ulykka jobba brannvesenet på staden for å hindre lekkasje og brann i køyretøya.
Tresfjordbrua var stengt i timevis etter ulykka medan politi og Statens vegvesen gjorde sine undersøkingar. Ca. klokka 21.30 melde Statens vegvesen at vegen hadde blitt rydda og var open for trafikk igjen. Då hadde vegen vore stengt i rundt ni timar.
I mellomtida måtte trafikantar køyre om fylkesveg 5981 Tresfjorden.
Både kriminalteknikarar frå politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har gjort undersøkingar på staden. Statens vegvesen har også undersøkt brua for skader etter ulykka.
Brannvesenet sikra staden etter ulykka slik at det ikkje skulle kome lekkasjar frå lastebilen.
Foto: Silje Thalberg / NRKTresfjordbrua blei stengt i ei lang tid etter den alvorlege ulykka.